Zamenhof vart fødd den 3. desember1859 etter den då gjeldande julianske kalenderen i byen Białystok. Byen låg den gongen i det russisketsardømet, men ligg no i Polen. Białystok sine ibuarar høyrde til hovudsakleg tre etniske grupper: polakkar, kviterussarar og jiddisch-talande jødar. Zamenhof voks opp med motsetnadene mellom desse gruppene. Etter kvart meinte han at hovudårsaka til hat og fordommar låg i misforståingar grunna mangel på eit sams språk. Han såg det som eit mål å utvikla eit språk som kunne fungera som eit sams språk for kommunikasjon mellom menneske med ulik etnisk og språkleg bakgrunn.
I 1885 avslutta han studia ved universitetet og byrja på arbeid som augelege i Warszawa. Som ung hadde han arbeidd med eit språkprosjekt. Faren tykte ikkje om prosjektet, og brende materialet. Zamenhof byrja då på eit nytt prosjekt, og prøvde å skaffa pengar til utgjeving av ei bok om utviklinga av språket. I 1887 fekk han utgjeve eit bok med økonomisk stønad frå sin komande svigerfar. Boka vart gjeve ut under psevdonymet Doktoro Esperanto (den vonande dokter). Språket esperanto fekk seinare namn etter dette namnet. For Zamenhof var tanken ikkje berre å laga eit nytt språk, men òg eit middel til spreiing av idear om korleis det er mogleg for ulike folkeslag å leva saman.