Minecraft er eit sandkasse-/overlevingsspel til PC, mobiltelefon, Xbox 360, Xbox One, PS3 og PS4. Spelet let spelaren bygge eller lage konstruksjonar av kubar i ei 3D-verd. Minecraft er utvikla av Mojang AB, men starta som eit fritidsprosjekt av Markus «Notch» Persson. Minecraft er inspirert av Dwarf Fortress, RollerCoaster Tycoon, Dungeon Keeper, og særskild Infiniminer.[1]
Minecraft er eit kreativt sandkassespel, der spelaren startar på ein tilfeldig stad ei tilfeldig generert verd. For å vinne spelet, må spelaren finne og «reparere» ein portal som er i ei festning i «The End». I The End er det ingen annan måte å komme tilbake på enn å utføre målet med spelet, som er å overvinne «The Ender Dragon». Dei fleste som spelar, gjer det for å overleve, bygge og utforske. Om natta dukkar det opp monster som vil prøve å angripe spelaren, og dette er ein motivasjon for å bygge seg ein tilfluktsstad. Monster finn ein òg i djupe gruver og på mørke stader.
Spelar har òg ein fleirspelarfunksjon, der fleire spelarar kan spele samstundes i same verd. Her kan ein spele som ein vil, anten ein samarbeider om å bygge, konkurrerer om ressursane, eller slåst og øydelegge for kvarandre. Kven som helst kan lage ein server med eigne sett av reglar for korleis ein kan spele.