Blodtype

Blodtype er ein måte å klassifisere blod frå ulike individ av same art ut i frå eigenskapar ved blodcellene. Det finst i overkant av tjuge ulike blodtypesystem. Dei to viktigaste er ABO-systemet og Rhesus-faktoren. Ved blodoverføringar er det naudsynt å kontrollere at det blodet som skal tilførast er kompatibelt med blodet til pasienten. Dersom blodtypane ikkje er kompatible, kan det oppstå svært alvorlege komplikasjonar.

Ifølgje http://www.giblod.no, har vi denne prosentvise fordelinga av blodtypar i Noreg: Blodtype A: 49 %, blodtype O : 39 %, blodtype B: 8 % og blodtype AB: 4 %. Dei rhesus-positive (RhD+pos) utgjer 85 %, mens 15 % er rhesus-negative (RhD-neg).

Fordelinga av blodgrupper i ulike etniske folkegrupper kan gje ein peikepinn om historiske slektskap og migrasjonar, sjølv om alle folkegrupper både har vandra og er oppblanda med andre. Desse tala tar berre omsyn til blodtype, og ikkje rhesusfaktor. Europeiske folkegrupper blir kjenneteikna av ein særleg høg del av blodtype A, medan asiatiske folkegrupper blir karakterisert med ein høg del av blodtypane A og B. Tabellen er basert på eit utdrag av data frå nettstaden http://bloodbook.com.

FolkegruppeA0BAB
Samar632944
Portugisarar533584
Nordmenn503984
Sveitsarar504073
Svenskar4738105
Spanjolar4738105
Danskar4441114
Tyskarar4341115
Finnar4134187
Ungarar4336165
Bulgarar4432158
Tsjekkarar4430189
Islendingar3256103
Irar3552103
Skottar3451123
Engelskmenn424793
Estarar3634238
Latviarar3732247
Russarar3633238
Polakkar3933209
Litauarar3440206

Kjelde