Henny Moan
Henny Elisabeth Moan (fødd 22. februar 1936 i Alta død 8. september 2024, daud 8. september 2024)[1][2] var ein norsk skodespelar. Frå 1950-åra var ho ein av dei fremste kvinnelege skodespelarane i norsk film og teater, og hadde sentrale kvinneroller på Nationaltheatret, Fjernsynsteatret og Oslo Nye Teater. Ho er særleg kjend for dei mange tolkingane sine av kvinneroller av Henrik Ibsen for Fjernsynsteatret i 1960- og 1970-åra.[3]
Henny Moan | |||
| |||
Fødd | 22. februar 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Talvik | ||
Død | 8. september 2024 (88 år) | ||
Fødenamn | Henny Elisabeth Moan | ||
Verka som | skodespelar, politikar | ||
Ektefelle | André Bjerke | ||
Sambuar | Ole Paus | ||
Born | Vilde Bjerke | ||
Prisar | Amandakomiteens ærespris |
Moan var gift med André Bjerke frå 1959 til 1972 og var deretter sambuar med Ole Paus i 1970-åra. Ho er mor til Vilde Bjerke og Sole Paus.
Biografi
Moan vaks opp i Narvik og Gratangen. Som 17-åring vart ho teken opp i det første kullet ved Statens Teaterskole i 1953. Ho debuterte i Federico García Lorca sitt Yerma frå 1934 ved Det Norske Teatret i 1955. Same året medverka ho i Arne Skouen sin Barn av solen som var hennar debutfilm. Samarbeidet med Skouen fortsatte med filmen Ni liv, ein film som vart Oscar-nominert i klassen for beste utanlandske film.[4] Deretter følgde ein av klassikarane innnan norsk film, De dødes tjern.
Moan har vore tilsett ved Det Nye Teater, Fjernsynsteatret, Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret sidan 1978. Ho tolka fleire store kvinneroller som Jeanne d’Arc, Kameliadamen, Frøken Julie og dei fleste av dei store kvinnerollene til Ibsen. Den siste rolla hennar var i Ad Astra i januar 2007–mai 2008.[5] I 1988 var ho medgrunnleggjar av Hamsun-Selskapet.
Ved De dødes tjern traff ho diktaren André Bjerke, som ho var gift med 1959–1972 og fekk dottera Vilde Bjerke med.[6][7][8] Ho var sambuar med Ole Paus frå 1973 til 1976. Dei har sonen Sole Christian Paus.[9] Ole Paus har sagt:
« | Henny åpnet en verden som jeg overhodet ikke hadde vært i nærheten av. Hun tok meg inn i teaterverdenen, inn i litteraturverdenen, inn i musikkverdenen, og alle hennes venner ble mine venner. En vanvittig generøsitet. Hvis det er noen jeg kan takke for at livet ble som det ble, er det Henny Moan. | » |
Fetteren til André Bjerke, Jens Bjørneboe, budde i periodar heime hos Moan og Paus i Bjerkelundsveien i Bærum. Den andre kona til Bjørneboe, Tone Bjørneboe, hadde dessutan tidlegare vore kjærast med den fyrste ektemannen til Moan, André Bjerke.[12]
Moan representerte Arbeidarpartiet i Bærum kommunestyre 1972–1975.[3]
I 2020 vart Moan utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for sin fremragende innsats for norsk kunst- og kulturliv».[13]
Prisar og utmerkingar
- Statens kunstnerstipend
- Oslo bys kulturstipend
- Æresmedlem i Norsk Skuespillerforbund.
- Aase Byes ærespris 2006
- Nordprofilprisen 2007
- Amandakomiteens ærespris 2010
- Kommandør av St. Olavs orden 2020[14]
Filmografi
|
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Henny Moan hos Internet Movie Database
- Henny Moan hos Nationaltheatret
- Henny Moan hos Sceneweb
- Henny Moan hos Svensk Filmdatabas