Ingvild Kjerkol

norsk politikar

Ingvild Kjerkol (fødd 18. mai 1975) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er leiar for Trøndelag Arbeidarparti. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2013. Ho var helse‑ og omsorgsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2024.[1][2]

Ingvild Kjerkol

Fødd18. mai 1975 (48 år)
Stjørdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNord universitet
FarOle Meier Kjerkol
Alle verv

Bakgrunn

Kjerkol kjem frå Stjørdal. Ho har utdanning frå NTNU, der ho har ein samfunnsvitskapleg bachelorgrad innan psykologi. Ho har også studert drift og vedlikehald av EDB-system ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ingvild Kjerkol har jobba som både lærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I 2009, før ho vart fylkesråd, jobba ho i ein periode som næringspolitisk rådgjevar i ALLSKOG.[3]

Kjerkol har hatt og har fleire styreverv. Ho har sete i styret for Steinvikholm Musikkteater AL, som årleg set opp den historiske operaen Olav Engelbrektsson.[4] Ho har også vore styreleiar i Innovasjon Norge Nord-Trøndelag, nestleiar i styret for Regionale forskingsfond Midt-Norge og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Trøndelag.

Politisk karriere

Kjerkol var au pair i Frankrike da ho i 1995 vart spurd om å stille på lista til Arbeidarpartiet for første gong, den gongen som listefyll.[5] Ho vart vald inn og like etter vakna den politiske interessa hennar for fullt. I 2003 vart ho også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting.

Kjerkol var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 2005–2009, med knapp margin frå å verta vald inn, og 2. vararepresentant 2009–2013. Ho har møtt som vararepresentant i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité og Stortingets familie- og kulturkomité. Kjerkol er medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiets sidan landsmøtet i 2009.[6][7]

Lokal- og regional politikar

Ho har vore leiar i Stjørdal Arbeiderlag sidan 2011, kasserar i Stjørdal Arbeidarparti i fleire år og sete i styret i Nord-Trøndelag Arbeidarparti, både som direktevald og tiltredande medlem. Kjerkol var ordførerkandidaten til Arbeidarpartiet i Stjørdal i 2007, men Arbeidarpartiet kom ikkje i posisjon, og Kjerkol var gruppeleiar for partiet i både Stjørdal kommunestyre og Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho tredde frå verva som gruppeleiar i kommunestyret og fylkestinget da ho vart fylkesråd for regional utvikling (med politisk ansvar for næring, regional forsking og utviklingsplan) hausten 2009.[8] Kjerkol var fylkesrådsleiar i eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti 2011–2013.

Kjerkol vart valt til leiar for Trøndelag Arbeidarparti i 2020,[9] og attvalt i 2024.[10]

Statsråd

Kjerkol vart utnemnt til helse- og omsorgsminister i Støre-regjeringa den 14. oktober 2021.[1]

Den 20. januar 2024 kom Kjerkol i hardt vêr etter at det vart kjent at masteroppgåva som ho hadde levert saman med ein medstudent i 2021 inneheldt tekstlikskapar med andre tekstar.[11] Masteroppgåva vart vurdert å nyo, noko som enda med at ho vart underkjend på grunn av plagiat. Den 12. april 2024, kort tid etter at oppgåva vart underkjend, vart det kunngjort at Kjerkol måtte gå av som helse- og omsorgsminister.[12][13] Ho fekk avskil i nåde den 19. april 2024, og Jan Christian Vestre vart ny helseminister.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ingvild Kjerkol