It-jente

It-jente eller engelsk It girl er vanlegvis ei nemning på unge kvinner som får mykje plass i media. Ordet «it» har her tydinga 'det', det vil seia ein spesiell personleg eigenskap, vanlegvis sjarm, karisma eller tiltrekkingskraft, særleg sex appeal.

Filmplakat med Clara Bow i It.

Omgrepet «It»

Den første kjende bruken av omgrepet «it» med denne tydinga er frå ei novelle av Rudyard Kipling frå 1904, som inneheld linja «'Tisn't beauty, so to speak, nor good talk necessarily. It's just It. Some women'll stay in a man's memory if they once walk down a street.»[1][2]

Moteskaparen Lucy, Lady Duff-Gordon, kjend som «Lucile», brukte ordet som spaltist for Harper's Bazaar i 1917: «... I saw a very ladylike and well-bred friend of mine in her newest Parisian frock ... she felt she was 'it' and perfectly happy.»[3][4]

Den yngre systera til Lucile, forfattaren Elinor Glyn, populariserte termen gjennom forteljingar, sakprosa og filmar. I 1927 gav ho ut ein kortroman og ei forteljing i to delar i Cosmopolitan, i tillegg til å medverka i produksjonen av ein film som alle hadde tittelen It. Ho reiste rundt i USA og gav foredrag og intervju om ideen.[5]

I introduksjonen til manuset for filmen It skreiv ho:

«With It, you win all men if you are a woman and all women if you are a man. It can be a quality of the mind as well as a physical attraction.

(«med It vinn du alle menn om du er kvinne og alle kvinner om du er mann. It kan vera ein indre kvalitet såvel som ein fysisk attraktivitet».)

»

Glyn opptredde sjølv som «The author» i ein scene i filmen der ho forklarte kva ho meinte med «it».[5] Men kritikarar har peikt på at hennar definisjon av «it», som ofte la vekt på ein umedviten, viril magnetisme og gjerne gjorde han til ein meir maskulin og aristokratisk eigenskap, blei fortrengd av eksempelet til Clara Bow som ei ung, livleg arbeidarklassejente.[5]

Omgrepet spreidde seg til andre språk, som norsk, der det blei nytta ein del frå 1930-talet.[6]

It-jenter

Omgrepet it girl festa seg særleg til Clara Bow, som spelte hovudrolla i filmen It frå 1927. Bow sa seinare sjølv at ho ikkje visste heilt kva «It» tydde,[7] men nemnde Lana Turner[7] og seinare Marilyn Monroe[8] som «It Girls» og Robert Mitchum som ein «It Man».[7]Omgrepet it-jente blei viktig på 1920-talet, ei tid då kvinnerolla var i endring. Ei ny bølgje med it-jenter kom på 1960-talet, i samband med dei kulturelle omveltingane og kvinnefrigjeringa då.[9] Personar omtalte som it-jenter frå denne perioden er til dømes Twiggy, Edie Sedgwick, Audrey Hepburn og Tina Turner.[10][11]

Frå 1980-talet har It Girl, It-Girl eller it-jente vore brukt om unge, ofte rike kvinner med mykje mediaomtale.

I kulturen

Filmmanuset til It frå 1927 blei gjort om til ein musikal kalla The It Girl, som opna off-Broadway i 2001 ved York Theatre Company med Jean Louisa Kelly i hovudrolla.[12]

It Girls frå 2002 er ein dokumentarfilm regissert av Robin Melanie Leacock som tek for seg aktivitetane til ei gruppe sosietetsfolk i Manhattan under New York Fashion Week.

The It Girl er ein bokserie for ungdom frå 2010-talet av den amerikanske forfattaren Cecily von Ziegsar, som også står bak suksessbøkene og TV-serien Gossip Girl. Fyrste boka i serien heitte The It Girl.

«It Girl» er ein popsong av Jason Derulo frå 2011.

I 2013 blei det halden ei fjernsynstevling for å finna «Norges nye it-jente» på TV2 Bliss i samarbeid med bladet Det Nye. Premien var å bli avbilda på framsida til Det Nye og å bli bloggar for bladet.[13]

Døme

  • Evelyn Nesbit (1884 eller 1885–1967), amerikansk modell, korjente og stumfilmskodespelar. Hennar vekst som kjendis rundt 1900 er blitt kalla «the birth of the 'it' girl».[14]
  • Edie Sedgwick (1943–1971), amerikansk skodespelar, modell og muse for Andy Warhol[15]
  • Tamara Beckwith (f. 1970), engelsk sosietetskvinne og fjernsynsperson, blei ofte omtalt som «It girl» på 1990-talet.[16][17]
  • Tara Palmer-Tomkinson (1971–2017), engelsk sosietetskvinne og fjernsynsperson, blei rekna som ei av dei fremste it-jentene i Storbritannia på 1990-talet.[17]
  • Chloë Sevigny (f. 1974), amerikansk skodespelar og modell, blei omtalt som ei «It Girl» av Jay McInerney i The New Yorker i 1994 på grunn av statusen sin som ein impresario i moteverda.[18]
  • Sara Schätzl (f. 1987), tysk forfattar og skodespelar, blei kalla «It-Girl» av den tyske tabloidpressa seint på 2000-talet.[19][20]

Kjelder

Bakgrunnsstoff