Karl

mannsnamn

Karl (også skrive som Carl) er eit mannsnamn mykje brukt opp gjennom historia. I Noreg var namnet av dei ti mest populære gutenamna mellom 1880 og 1916.

Karl Marx er ein kjend namneberar.

Namnet kjem frå norrønt og tyder fri mann. Det er i slekt med ordet kar. I norrøn gudetru var Karl sonen til Heimdall og Amma. Saman med kona Snør var han opphavet til alle frie menn og bønder. Sjå Rigs vandring.

Karl har namnedag i Noreg og Sverige den 28. januar.

Variantar

Namnet finst i ei rekkje variantar på fleire europeiske språk:

  • Carl (norsk, svensk, dansk)
  • Carlo (italiensk)
  • Carlos (spansk, portugisisk)
  • Carolus (latin)
  • Carol (rumensk)
  • Charles (fransk, engelsk)
  • Kaarle (finsk)
  • Karl (tysk, svensk, norsk)
  • Karel (nederlandsk, tsjekkisk)
  • Karol (polsk)
  • Károly (ungarsk)
  • Κάρολος, Karolos (gresk)
  • Séarlas (irsk gælisk), i tillegg til dei indirekte formene Cathal og Cormac
  • Siarl (walisisk)

Avleidde former

Namnet har òg fleire kvinnelege former, som Karla, Karoline og Charlotte.

Karl har gjeve opphav til etternamn som Karlsen og Carlton.

Kjende namneberarar

Kongar

Karl har i ulike former vore namnet på ei rekkje kongar, mellom anna i Noreg, Sverige, England, Frankrike, Tyskland, Spania, Ungarn og Italia.

Nordmenn

Andre

Bakgrunnsstoff

  • ssb.no - 10 mest brukte namn 1880 - 2004