Karsten Warholm

Karsten Warholm (fødd 28. februar 1996) er ein norske friidrettsutøvar. Han sette verdsrekorden på 400 m hekk med 46,70 under Bislett Games i Oslo den 1. juli 2021 , og deretter med 45,94 i finalen i OL i Tokyo den 1. juli 2021.[1] Han sette verdsrekord på 300 meter hekk den 11. juni 2020.[2]

Karsten Warholm


StatsborgarskapNoreg
Fødd28. februar 1996 (28 år)
Ulsteinvik
Idrettfriidrett
Tok del iFriidrett under Sommar-OL 2016, EM i friidrett 2018 – 400 meter hekk menn, EM i friidrett 2018 – 400 meter menn, VM i friidrett 2017 – 400 meter hekk menn, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 400 meter hekk menn
UtmerkingarAftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Folkets idrettspris, Årets friidrettsutøver i Europa, Årets friidrettsutøver i Europa, Årets friidrettsutøver i verden, Fearnleys olympiske ærespris, Bislett-medaljen
Medaljeoversikt
Tevla for  Norge
Friidrett
De olympiske ringer Olympiske leikar
GullTokyo 2020400 m hekk
SølvParis 2024400 m hekk
Friidrett Verdsmeisterskap
Gull2017 London400 m hekk
Gull2019 Doha400 m hekk
Friidrett Diamond League
GullDiamond League 2019400 m hekk
Friidrett Europameisterskap
Gull2018 Berlin400 m hekk
Friidrett EM i friidrett innandørs
Gull2019 Glasgow400 m
Friidrett Lag-EM i friidrett (1. div.)
Gull2017 Vasa400 m hekk
Bronse2014 Tallinn400 m
Friidrett U23-EM i friidrett
Gull2017 Bydgoszcz400 mH
Sølv2017 Bydgoszcz400 m
Friidrett U20-EM i friidrett
Sølv2015 EskilstunaTikamp
Sølv2015 Eskilstuna400 m
Friidrett U18-VM i friidrett
Gull2013 DonetskÅttekamp
Friidrett Nordisk meisterskap i friidrett innandørs
Gull2019 Rud400 m
Gull2017 Tammerfors4x300 m
Gull2016 Växjö200 m
Gull2016 Växjö4x400 m
Gull2015 Bærum400 m
Friidrett Norgesmeisterskap
Gull2014 Jessheim400 m
Gull2014 Jessheim110 m hekk
Gull2015 Haugesund400 m
Gull2015 Haugesund400 m hekk
Gull2016 Ravnanger400 m
Gull2016 Ravnanger400 m hekk
Sølv2015 Haugesund100 m hekk
Sølv2015 Haugesundlengde
Friidrett NM i friidrett innandørs
Sølv2012 SteinkjerTresteg
Sølv2013 HaugesundLengde
Bronse2013 HaugesundLengde u.tillaup
Gull2014 Stange60 m hekk
Gull2014 Stange400 m
Gull2014 StangeLengde u.tillaup
Sølv2014 StangeLengde
Gull2015 Steinkjer60 m hekk
Gull2015 Steinkjer200 m
Gull2015 Steinkjer400 m
Sølv2015 SteinkjerLengde u.tillaup

Han er tre gonger norsk meister på 400 meter, i 2014, 2015 og 2016 og fire gongar norsk meister på 400 meter hekk.[3][4][5]

Warholm kjem frå Garshol i Ulstein. Warholm er medlem i Dimna Idrettslag og har Leif Olav Alnes som hovudtrenar.[6]

Store meisterskap

I Tokyo 2021 vann han OL-gullet og satte ny verdsrekord 45,94 sekunder på 400 m hekk. I London 2017 og i Doha 2019 vart han verdsmeister på 400 meter hekk.

Sesongen 2021

Warholm sette ny bestenotering i verda på 300 meter hekk under «Bislett Night of Highlights» 3. juni med tida 33,26.

Warholm satte ny verdensrekord på 400 meter hekk under Bislett Games med tiden 46,70. Tida var åtte hundredelar betre enn Kevin Youngs gamle rekord fra OL i Barcelona i 1992.

Den 03. august 2021 under OL-2020 i Tokyo slo han sin eigen verdsrekord frå Bislett Games, med tida 45,94, og satt dermed også ny olympisk rekord. Ein prestasjon som er vurdert som ein av dei største i historia til friidretten.

Sesongen 2020

Warholm sette ny verdsrekord på 300m hekk under «Impossible Games» på Bislett Stadion i juni med 33,78. Ny banerekord i Berlin på 47,08 på 400 meter hekk.

Sesongen 2019

Den 13. juni 2019 sletta Warholm den 24 år gamle rekorden til Stéphane Diagana då han vann langhekken i eit DL-stemne (Bislett Games) på Bislett stadion i Oslo. Med tida 47,33 sekundar flytta han rekorden med 0,04 sekund. Fem veker, den 20. juli, forbetra han rekorden ytterlegare til 47,12 med dei han tok ein suveren siger ved eit DL-stemne på London stadion.

Sesongen 2018

9. august 2018 under EM i friidrett 2018 i Berlin fekk han snøggaste tid i semifinalane, med 48,67 sekund. I finalen sette han ny norsk rekord med 47,64 sekund, og vann med det sitt første individuelle EM-gull som senior. Tida var òg europeisk U23-rekord på 400 meter hekk.[7] Igjen kom Yasmani Copello på andreplass

Sesongen 2017

9. august 2017 overraska Warholm og vann langhekkfinalen under verdsmeisterskapen i London på tida 48,35, framfor Yasmani Copello og olympiameister Kerron Clement.

Den 10. juni 2017 forbetra Warholm den norske rekorden på 400 meter til 44,87 sekundar i eit stemne i Florø. Fem dagar seinare vann han langhekken under Bislett Games i Oslo og sette ny norsk rekord med tida 48,25 sekundar.

Sesongen 2016

Warholm vart sjettemann i 400 meter hekk under europameisterskapen i Amsterdam.

Andre merittar

Han har elles vunne norske meisterskap på 400 meter, 110 meter hekk, 400 meter hekk og i lengdehopp.Warholm vann Kongepokalen i friidrett fem år på rad, frå 2015 til 2019.

Kjelder

Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.