Qatar

دولة قطر
Dawlat Qatar

(norsk: Qatar, qatarsk)

Det qatarske flaggetDet qatarske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«As Salam al Amiri»
MottoIngen
Geografisk plassering av Qatar
Offisielle språkArabisk
HovudstadDoha
Styresett
Monarki
Tamim bin Hamad Al Thani
Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim Al Thani
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
11 586 km² (160.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
2 314 307 (141.)
199,8 /km² (50.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
3. september 1971
Nasjonaldag3. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
324 200 mill. USD (50.)
145 000 USD (1.)
ValutaQatarsk riyal
TidssoneUTC +3
Telefonkode+974
Toppnivådomene.qa


Qatar (arabisk قطر, Qaṭar), offisielt Staten Qatar (arabisk دولة قطر, Dawlat Qaṭar), er eit suverent land i Sørvest-Asia, på den vesle Qatarhalvøya på nordaustkysten av Den arabiske halvøya. Det einaste grenselandet er Saudi-Arabia i sør medan resten av landet er omringa av Persiabukta. Eit sund i Persiabukta skil Qatar frå den nærliggjande øya og kongedømet Bahrain. I 2013 hadde Qatar 1,8 millionar innbyggjarar: 278 000 qatararar og 1,5 millionar utlendingar.[1]

Etter det osmanske styret vart Qatar eit britisk protektorat tidleg på 1900-talet fram til det fekk sjølvstende i 1971. Qatar har vorte styrt av Al Thani-familien sidan midten av 1800-talet. Qatar er eit absolutt monarki og statsleiaren er emir sjeik Tamim bin Hamad Al Thani.[2] Etter Saudi-Arabia er Qatar det mest konservative samfunnet i Golfrådet[3][4] sidan dei fleste qatararane fylgjer den strenge wahhabi-tolkinga av islam.[5][6][7] Sjaria er hovudgrunnlaget for den qatarske grunnlova.[8][9]

Qatar er ein høginntektsøkonomi med den tredje største naturgass- oljereserven i verda.[10] Landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda. Qatar er ein viktig deltakar i den arabiske verda og støtta fleire opprørsgrupper under den arabiske våren både økonomisk og gjennom den globalt utvidande mediagruppa Al Jazeera Media Network.[11][12][13] Qatar skal vere vertskap for verdsmeisterskapen i fotball 2022 som det fyrste arabiske landet.[14] Trass i storleiken på landet har Qatar stor makt i verda og vert rekna som ei mellommakt.[15][16]

Namn

Den romerske forfattaren Plinius den eldre var den fyrste som skreiv om innbyggjarane på halvøya, kring midten av det fyrste hundreåret evt. Han kalla dei Catharrei, som kan ha kome frå namnet på ein viktig lokal busetnad.[17][18] Eit hundreår seinare teikna Klaudios Ptolemaios det fyrste kjende, europeiske kartet som synte halvøya, då kalla Catara.[18][19] Kartet synte òg ein by kalla «Cadara» aust på halvøya.[20] Omgrepet 'Catara' (eller Cataraei)[21] vart mykje nytta fram til 1700-talet, før 'Katara' vart den vanlege stavinga.[20] I nyare tid er den moderne avleiinga Qatar vorten namnet på landet.[20]

Historie

Antikken

Prikkutskjeringar ved Jebel Jassassiyeh, datert til kring 4000 fvt.

Ein har funne spor av menneske i Qatar 50 000 år attende.[22] Ein har grave fram busetnader og reiskap frå steinalderen på halvøya.[22] Ein har funne mesopotamiske lekamar frå Ubaid-perioden (ca. 6500–3800 fvt.) i ein fråflytta kystbusetnad.[23] Al Da'asa, ein busetnad på nordaustkysten av Qatar, er den viktigaste Ubaid-staden i landet, og ein trur at han har vore ein sesongbasert leir.[24][25]

Ein har funne kassitt-babylonske stoff daterte attende til det andre tusenåret fvt. på Al Khor-øyane som syner at det har vore handel mellom Qatar og kassittane i dagens Bahrain.[26] Blant funna er 3 000 000 knuste snigelskal og kassittiske potteskard.[24] Ein trur at Qatar kan ha vore ein av dei tidlegare kjende stadene der ein dreiv med farging ved hjelp av skaldyr, sidan det fanst ein kassittisk purpurfargeindustri på kysten her.[23][27]

I 224 evt. fekk Sasanideriket kontroll over områda kring Persiabukta.[28] Qatar spelte ei rolle i handelsaktiviteten til sasanidane, dit dei kom med to varer: dyrverdige perler og purpurfarge.[29] Under sasanidane vart mange av innbyggjarane i Aust-Arabia introduserte for kristendom etter at mesopotamiske kristne spreidde religionen austover.[30] Det vart bygd kloster og busetnader i denne tida.[31][32] Under den siste delen av den kristne perioden utgjorde Qatar ein region kalla 'Beth Qatraye' (gammalsyrisk for «Qatar-regionen»).[33] Regionen var ikkje avgrensa til Qatar, men omfatta òg Bahrain, Taroutøya, Al-Khatt og Al-Hasa.[34]

I 628 sende Muhammed eit muslimsk sendebod til ein herskar i Aust-Arabia kalla Munzir ibn Sawa Al Tamimi og bad om at han og undersåttane hans underla seg islam. Munzir batt seg til dette og dei fleste arabiske stammene i regionen gjekk så over til islam.[35] Etter islam kom til området leia arabarane den muslimske erobringa av Persia som førte til at Sasanideriket fall.[36]

Den islamske tida (661–1253)

Abbasidekalifat på sitt største, kring år 850.

Qatar vart skildra som eit kjent avlssenter for hestar og kamelar under omajadane.[37] På 700-talet byrja halvøya å nyte godt av den kommersielt strategiske plasseringa i Persiabukta og vart eit senter for perlehandel.[38][39]

Det skjedde ei stor utvikling i perleindustrien kring Qatarhalvøya under abbasidane.[37] Skip frå Basra til India og Kina stoppa i hamnene i Qatar i denne tida. Ein har funne kinesisk porselen, vestafrikanske myntar og lekamar frå Thailand i Qatar.[36] Arkeologiske funn frå 800-talet tyder på at innbyggjarane i Qatar brukte av velstanden sin til å byggje heimar og offentlege bygg av høg kvalitet. Over 100 hus av stein, to moskear og eit abbasidefort vart bygde i Marwab på denne tida.[40][41] Då det gjekk nedover med kalifatet i Irak, skjedde det same i Qatar.[42] Qatar er nemnd på 1200-talet i boka Mu'jam Al-Buldan av den muslimske lærde Yaqut al-Hamawi, der han nemner dei fine, stripete og vovne kappene og at dei var flinke til å lage spyd.[43]

Det meste av Aust-Arabia vart kontrollert av usfuridane i 1253, men prinsen av Ormus tok over kontrollen av regionen i 1320.[44] Perlene til Qatar var ei av dei viktigaste næringane i kongedømet.[45] I 1515 gjorde Manuel I av Portugal kongedømet Ormus til ein vasall. Portugal hærtok store delar av Aust-Arabia i 1521.[45][46] I 1550 la innbyggjarane i Al-Hasa seg friviljug under osmanane, sidan dei føretrekte dei føre portugisarane.[47] Osmanarane hadde lita militærmakt i området og vart drivne bort av Bani Khalid-stamma i 1670.[48]

Al Khalifa og saudiarabisk styre (1783–1868)

Eit kart over Aust-Arabia i 1794.

I 1766 flytte Utub-stamma frå Al Khalifa-familien frå Kuwait til Zubarah i Qatar.[49][50] Då dei kom fram hadde Bani Khalid ei svak makt over halvøya, om ein ser bort frå at den største landsbyen vart styrt av ein fjern slektning av Bani Khalid.[51] I 1783 hærtok dei Qatar-baserte Bani Utbah-klanane og allierte arabiske stammer Bahrain frå persarane og la Bahrain under seg. Al Khalifa tok makta over Bahrain og strekte området sitt til Qatar.[49]

Ein delvis restaurert del av ruinbyen Zubarah.

Etter at Saud ibn Abd al-Aziz vart teken i eid som kronprinsen av Wahhabi i 1788, utvida han riket sitt austover, til Persiabukta. Etter å ha slege Bani Khalid i 1795, vart wahhabistane åtekne på to frontar. Osmanane og egyptarane gjekk til åtak i vest, medan Al Khalifa i Bahrain og osmanane gjekk til åtak i aust.[52][53] Då han vart klår over at egyptarane rykte fram på vestfronten i 1911, flytte wahhabi-emiren soldatar frå garnisonane sine i Bahrain og Zubarah. Said bin Sultan av Flugat nytta dette høvet og gjekk til åtak på wahhabi-garnisonane på austkysten og sette fortet i Zubarah i brann. Al Khalifa tok over makta etter dette.[53]

Som straff for sjørøvarverksemd bombarderte eit fartøy frå Det britiske austindiske kompaniet Doha i 1821, øydela byen og tvinga hundrevis av innbyggjarar på flukt. Innbyggjarane var ikkje trygge på kva som var årsaka til åtaket, og på grunn av dette dukka det opp qatarske opprørsgrupper som kjempa mot Al-Khalifa og søkte sjølvstende.[treng kjelde] I 1825 vart huset Thani oppretta med sjeik Muhammed bin Thani som den fyrste leiaren.[54]

Sjølv om Qatar hadde ein offentleg status som usjølvstendig, mislikte folket stort sett Al Khalifa. I 1867 sende Al Khalifa, i lag med herskaren av Abu Dhabi, ein stor marinestyrke til Al Wakrah for å slå ned eit qatarsk opprør. Dette førte til den maritime qatarsk-bahrainske krigen i 1867–1868, der bahrainarane og styrkane frå Abu Dhabi plyndra Doha og Al Wakrah.[55] Dei bahrainske kampane var derimot eit brot på avtala Bahrain hadde med engelskmennene sidan 1820. Det felles åtaket, i tillegg til eit qatarsk motåtak, fekk den britiske politiske agenten Lewis Pelly til å tvinge fram ein fred i 1868. Oppdraget til Bahrain og Qatar og den påfylgjande freden vart rekna som milepålar fordi dei godtok at Qatar var fråskild Bahrain og godkjende makta til Muhammed bin Thani. I tillegg til at britane kritiserte Bahrain for å ha brote avtala, bad det britiske proktektoratet om ei tinging med ein representant frå Qatar, ei rolle som Muhammed bin Thani vart vald til. Resultatet av tingingane gjorde at nasjonen fekk ei kjensle av politisk identitet, sjølv om det ikkje fekk ein offisiell status som protektorat før 1916.


Osmansk styre (1871–1915)

Qatar på eit kart frå 1891 av Adolf Stieler.

Under militært og politisk press frå guvernøren i det osmanske vilayetet Bagdad, Midhat Pasha, underla den regjerande Al Thani-stamma seg osmansk styre i 1871.[56] Den osmanske styresmakta innførte reformer (Tanzimat) som omhandla skatt og landregistrering for å fullt ut innleme desse områda i riket sitt.[56] Trass i stor misnøye hjå lokale stammer, støtta Al Thani det osmanske styret. Tilhøvet mellom osmanane og qatararane stagnerte snøgt og i 1882 leid dei nok eit tilbakeslag då osmanane nekta å støtte Al Thani i toktet hans mot det Abu Dhabi-okkuperte Al Khor. I tillegg støtta osmanane Muhammed bin Abdul Wahab, som òg var underlagd osmanane, i freistnaden hans på å få bort Al Thani som kaymakam i Qatar i 1888.[57] Dette førte til slutt at Al Thani gjorde opprør mot osmanane, som meinte han prøvde å rive til seg makta. Han trekte seg som kaymakam og stogga å betale skatt i august 1892.[58]

I februar 1893 kom Mehmed Hafiz Pasha til Qatar for å inndra dei ubetalte skattane og stoppe motstanden til Jassim bin Muhammed mot dei framlagde administrative reformene til osmanane. Jassim frykta dødsstraff eller fengsel og trekte seg attende til Al Wajbah (15 km vest for Doha), i lag med fleire stammemedlemer. Kravet til Mehmed om at Jassim skulle oppløyse troppane sine og gje lovnad om lojalitet til osmanane vart blankt avvist. I mars fengsla Mehmed broren til Jassim og 13 viktige, qatarske stammeleiarar på den osmanske korvetten «Merrikh» som straff for at Jassim ikkje bøygde seg. Etter at Mehmed avslo eit tilbod om å sleppe fri fangane for ei betaling på 10 000 lire, gav han 200 soldatar ordre om å rykkje fram til Al Wajbah-fortet, kommandert av Yusuf Effendi, der Jassim var, og signaliserte starten på slaget ved Al Wajbah.[36]

Soldatane til Effendi hamna under kraftig kanoneld av ein større tropp med qatarsk infanteri og kavaleri kort tid etter dei kom til Al Wajbah. Dei trekte seg attende til festninga Sjebaka, der dei igjen trekte seg bort frå eit qatarsk åtak. Etter at dei kom til Al Bidda-festninga, klarte Jassim å kringsetje festninga, og osmanane overgav seg og vart samde om å sleppe fangane fri mot at kavaleriet til Mehmed Pasha fekk dra trygt til Hofuf landvegen.[59] Sjølv om Qatar ikkje fekk fullt sjølvstende frå Det osmanske riket, tvinga slaget fram ei avtale som seinare danna grunnlaget for at Qatar vart eit sjølvstyrt land i riket.[60]

Britisk protektorat (1916–1971)

Det osmanske riket fall saman etter at dei tapte slag på fleire frontar under den fyrste verdskrigen. Qatar tok del i det arabiske opprøret mot osmanane. Opprøret vart ein suksess og det osmanske styret i landet vart endå meir svekt. Storbritannia og Det osmanske riket godtok retten til sjeik Abdullah bin Jassim Al Thani og etterkomarane hans over heile Qatarhalvøya. Osmanane sa opp alle rettane sine til Qatar og etter den fyrste verdskrigen braut ut, tvinga Abdullah bin Jassim Al Thani (som støtta britane) osmanane ut av Doha i 1915.

Gamlebyen i Doha, januar 1904.

Etter delinga av Det osmanske riket, vart Qatar eit britisk protektorat den 3. november 1916. Denne dagen signerte Storbritannia ei avtale med sjeik Abdullah bin Jassim Al Thani om å føre Qatar under styret til Traktatstatane. Abdullah gjekk med på ikkje å gå inn i avtaler med andre land utan britisk løyve, mot at britane garanterte for forsvaret av Qatar til sjøs. Den 5. mai 1935 signerte Abdullah ei ny avtale med dei britiske styresmaktene som gav Qatar vern mot både indre og ytre trugsmål. Dei fyrste oljereservane vart oppdaga i 1939, men utvinninga vart ikkje starta opp før etter den andre verdskrigen.

Makta til Det britiske imperiet byrja å verte svekt etter den andre verdskrigen, og særleg etter India og Pakistan fekk sjølvstende i 1947. I 1950-åra erstatta olja perleindustrien og fiske som hovudnæringa i Qatar. Oljeinntektene byrja å drive fram ei utviding og modernisering av infrastrukturen i landet. Det vart auka press i 1950-åra frå arabiske emirar i Persiabukta om at britane skulle trekkje seg ut. Då britane offisielt annonserte i 1968 at dei skulle trekkje seg politisk ut frå Persiabukta i løpet av tre år, gjekk Qatar i lag med Bahrain og sju andre av Traktatstatane i eit forbund. Regionale stridar gjorde at Qatar snøgt trekte seg ut og sa seg sjølvstendig frå koalisjonen som etter kvart utvikla seg til Dei sameinte arabiske emirata.

Sjølvstende (1971)

Den 3. september 1971 fekk Qatar offisielt sjølvstendet sitt frå Storbritannia og vart ein sjølvstendig stat. Regjeringa valde så å vende seg til Frankrike for våpenforsyning og dette sambandet styrkte seg og franskmennene vart den største våpenleverandøren deira til godt inn på 2000-talet.[61] I 1972 tok Khalifa bin Hamad Al Thani makta i eit palasskupp på ei tid då det var uro i herskarfamilien. I 1974 tok Qatar General Petroleum Corporation kontroll over all oljedrift i landet, og velstanden i Qatar voks raskt.[62] North Field naturgassfelt, som då var det største i verda, vart oppdaga kring 1976,[61] og qatararane vart dei fyrste som bygde LNG-fartøy.[63]

I 1991 spelte Qatar ei viktig rolle i Golfkrigen, særleg under slaget ved Khafji der qatarske stridsvogner rulla gjennom gatene i byen og støtta den saudiarabiske nasjonalgarden som kjempa mot den irakiske hæren. Qatar lét koalisjonsstyrkar frå Canada få bruke landet som ein flybase og lét òg flystyrkar frå USA og Frankrike få operere i områda sine.[22]

I 1995 tok emir Hamad bin Khalifa Al Thani kontroll over landet etter faren Khalifa bin Hamad Al Thani, med støtte frå væpna styrkar og regjeringa, granneland[64] og Frankrike.[61] Under emir Hamad har Qatar hatt ein viss grad av liberalisering, mellom anna med oppstarten av fjernsynsstasjonen Al Jazeera (1996), stemmerett for kvinner i kommuneval (1999), dei fyrste utkasta til ei skriftleg grunnlov (2005), og innviinga av ei romersk-katolsk kyrkje (2008). I 2010 vann Qatar konkurransen om å verte vertsland for VM i fotball 2022, og kjem til å verte det fyrste landet i Midtausten som er vertskap for denne turneringa. Emiren kunngjorde planar om å halde dei fyrste nasjonale vala i 2013, men er utsett til minst 2016.

I 2003 var Qatar hovudkvarter for den amerikanske sentralkommandoen og ein av basane for invasjonen av Irak.[65] I mars 2005 tok ein sjølvmordsbombar livet av ein britisk lærar ved Doha Players Theatre. Dette var eit stort sjokk i landet som ikkje tidlegare hadde opplevd terrorisme. Åtaket vart utført av Omar Ahmed Abdullah Ali, ein egyptisk innbyggjar i Qatar som ein mistenkte hadde band til Al-Qaida på Den arabiske halvøya.[66][67] I 2011 støtta Qatar NATO-operasjonane i Libya og skal ha væpna libyske motstandsgrupper.[68] Qatar har òg støtta med våpen til opprørsgrupper i den syriske borgarkrigen.[69] The Independent rapporterte om at Qatar hadde støtta syriske opprørarar med så mykje som tre milliardar dollar.[70] Qatar har vore meklarar i ei afghansk fredsavtale og i januar 2012 sa afghanske Taliban at dei sette opp eit politisk kontor i Qatar for å gjere samtalene lettare.

Tradisjonelle dhow-båtar føre West Bay ved Doha-cornichen.

I juni 2013 vart sjeik Tamim bin Hamad Al Thani emir i Qatar etter at faren gav frå seg makta i ei fjernsynstale.[71] Sjeik Tamim har prioritet velferd for borgarane, med mellom anna eit avansert helsevesen og utdanningssystem, og utvida infrastrukturen i landet for å førebu verdsmeisterskapen i 2022.[72]

Qatar deltok i den saudiarabiske-leia intervensjonen i Jemen mot houthiar og styrkar lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh, som vart avsett i 2011 under den arabiske våren.[73]

Politikk

Emir Tamim bin Hamad Al Thani med den tidlegare amerikanske forsvarsministeren Chuck Hagel.

Monarkiet i Qatar er Al Thani-familien. Al Thani-dynastiet har styrt Qatar sidan huset vart oppretta i 1825.[74] Det finst ikkje noko sjølvstendig lovgjevingsmakt, og politiske parti er forbodne.[75] I 2003 godkjende Qatar ei grunnlov gav løyve til direkte val av 30 av dei 45 medlemene i det rådgjevande organet.[74][76][77] Parlamentsval, som opphavleg vart lova i 2005, er vortne utsett på uviss tid.[75]

Den åttande emiren av Qatar er Tamim bin Hamad Al Thani, etter at faren Hamad bin Khalifa Al Thani gav han makta den 25. juni 2013.[78] Statsleiaren er den einaste som kan utpeike og fjerne statsministeren og regjeringsmedlemer, som i lag dannar regjeringa, den øvste utøvande makta i landet. Regjeringa set òg i gang lovgjevinga. Lovene og påboda som regjeringa legg fram vert sende vidare til Rådgjevingsorganet (Majilis Al Shura) der dei vert diskuterte og så sende til emiren for ratifisering. Rådgjevingsorganet har avgrensa lovgjevande makt til å skissere og godkjenne lover, men emiren har alltid siste ord i laget i alle saker.[74] Rådet har berre medlemer som er utpeikte av emiren,[74] sidan det ikkje er halde val sidan 1970 då organet delvis vart valt.[74]

Den qatarske lova forbyd politiske organ, debattforum, profesjonelle syndikat eller handelsunionar.[79] Ali Khalifa Al-Kuwari, ein qatarsk demokratiaktivist, hevdar det ikkje er noko gjennomsiktigheit i store politiske avgjerder og at inntektene, utgiftene og investeringane i offentleg velstand ikkje vert offentleggjorde.[79] Qatararane får høyre om Qatar sine massive internasjonale avtaler, men veit ikkje noko om dette gagnar den offentlege økonomien eller private interesser.[79] Ein kjenner ikkje nasjonalgjelda eller storleiken eller samansetninga av statsgjelda.[79] I tillegg indikerer Det internasjonale pengefondet at ein stor del av inntekta frå olje og gass ikkje dukkar opp i den relevante delen av nasjonalbudsjettet.[79]

Sharialov

Sharia er den viktigaste kjelda til den qatarske grunnlova.[8][9] I praksis er rettssystemet til Qatar ei blanding av sivilrett og sharia.[80][81] Sharialova gjeld familierett, arverett og fleire kriminelle handlingar (inkludert utruskap, ran og mord). I somme tilfelle i den shariabaserte familieretten er vitnemålet til ei kvinne berre verdt halvparten av vitnemålet til ein mann og stundom vert ikkje kvinnelege vitne godtekne i det heile.[82] Kodifisert familierett vart innført i 2006. Islamsk polygami er lov i emiratet.[61]

Pisking vert nytta i Qatar som straff for alkoholbruk eller ulovlege seksuelle hopehav.[83] Paragraf 88 i straffelova til Qatar seier at straffa for utruskap er 100 piskeslag.[84] Utruskap vert straffa med dødsstraff når ei muslimsk kvinne er saman med ein ikkje-muslimsk mann.[84] I 2006 vart ei filippinsk kvinne dømd til 100 piskeslag for utruskap.[84] I 2010 vart minst 18 menneske og i 2011 minst 21 (hovudsakleg utlendingar) dømde til mellom 40 og 100 piskeslag for lovbrot innan «ulovlege seksuelle hopehav» eller alkoholbruk.[85][86] I 2012 vart seks utlendingar dømde til pisking.[83] Det er ukjent om domane vart utførte.[87]

Steining er ei lovleg straff i Qatar.[88] Fråfall er eit lovbrot som vert straffa med dødsstraff i Qatar.[89] Blasfemi er straffbart med opp til sju år i fengsel og forkynning kan straffast med opp til 10 år i fengsel.[89] Homoseksualitet medfører dødsstraff for muslimar.[90] Kvinner må ha på seg abaya.[61]

Alkoholkonsum er berre delvis lovleg i Qatar. Somme femstjerners hotell har løyve til å selje alkohol til ikkje-muslimar.[91][92] Muslimar har ikkje lov å drikke alkohol i Qatar og muslimar som vert tekne i å drikke alkohol kan straffast med pisking eller verte deporterte. Ikkje-muslimske utlendingar kan skaffe seg løyve til å kjøpe alkohol til privat forbruk. Qatar Distribution Company (eit underselskap av Qatar Airways) har løyve til å importere alkohol og svin og driv det einaste alkoholutsalet i landet, der ein òg kan selje svin til dei som har alkoholskjøpsløyve.[93][94] Qatarske embetsfolk har òg sagt seg viljug til å tillate alkoholservering i spesielle soner under fotball-VM i 2022.[95]

Fram til nyleg har restaurantar ved Pearl-Qatar (ei kunstig øy nær Doha) hatt lov til å servere alkohol.[91][92] I desember 2011 vart restaurantane på Pearl-Qatar bedne om å stogge alkoholsalet.[91][96]

I 2014 sette Qatar i gang ein sømelegskampanje for å minne turistar på å kle seg sømeleg.[97] Kvinnelege turistar vert rådde til å ikkje gå med korte bukser, miniskjørt, ermelause kjolar og korte eller tronge klede. Menn vert rådde til å ikkje gå med kortbukser og singlet.[98]

Menneskerettar

Ifylgje det amerikanske utanriksdepartementet vert utanlandske arbeidarar frå Asia og delar av Afrika ofte utsett for tvangsarbeid, og stundom prostitusjon.[99] Dei fleste av desse kjem friviljug til Qatar som lågfaglærte arbeidarar eller hushjelper, men vert så sidan utsett for tilhøve som tyder på ufriviljug trældom. Somme av dei vanlegaste brota på arbeidsrettane er juling, løn som vert halden attende, å ta betalt for gode som emiren i utgangspunkt er ansvarleg for, store restriksjonar på kor ein kan flytte seg (som konfiskering av pass, reisedokument eller utreiseløyve), vilkårleg fengsling, trugsmål med søksmål og seksuelt misbruk.[99] Mange utanlandske arbeidarar som kjem til Qatar har betalt store summar til agentar i heimlandet.[99]

Den qatarske diktaren Muhammed al-Ajami vart dømd til 15 år i fengsel for å ha «kritisert emiren».

Visse delar av den qatarske strafferetten tillèt straffeformer som pisking og steining. SN-komiteen mot tortur fann ut at denne praksisen var eit brot på skyldnader pålagde av SN-konvensjonen mot tortur.[100][101] Qatar nyttar dødsstraff, hovudsakleg for trugsmål mot nasjonal tryggleik. Dødsstraff vert sjeldan teken i bruk og ingen har vorte avretta i Qatar sidan 2003.[102]

Ifylgje ei qatarsk lov kan arbeidsgjevarar avslutte opphaldsløyva til arbeidarar, nekte arbeidarar å byte jobb, rapportere ein arbeidar som «rømd» til politiet og nekte arbeidarar å dra frå landet.[99]

Ein har observert mange døme på mishandling av framandarbeidarar. Den nepalesiske ambassadøren i Qatar, Maya Kumari Sharma, skildra emiratet som eit «ope fengsel».[103] Qatar har ikkje nasjonale standardar eller retningsliner for bedriftshelseteneste, og arbeidsulukker er den tredje største årsaka til ulukkesdødsfall.[104] Qatar har annonsert at ein vil kvitte seg med sponsorsystemet der ein framandarbeidar må vere underlagd ein lokal arbeidsgjevar, som i somme tilfelle held attende passa til arbeidarane og nektar dei å byte jobb.[104]

Kvinnerettane i Qatar er i stor grad påverka av wahhabismen. Likevel har Qatar eit mindre konservativt syn på wahhabismen enn Saudi-Arabia, og det er difor eit mindre strengt skilje mellom kjønna.[105] På grunn av dette kan kvinner køyre bil i Qatar.[106][107] Kvinnene må derimot ha særskild løyve frå ein slektning for å kunne få førarkort.[107] I 1999 fekk kvinner stemmerett ved eit sentralt kommuneval.[76][108] Dette valet vart halde 8. mars 1999, på den internasjonale kvinnedagen.[76]

Qatar prøver å byggje seg eit godt rykte i internasjonal idrett ved å byggje enorme stadion og andre anlegg ved hjelp av framandarbeidarar frå andre asiatiske land. Mange av desse arbeidarane får særs dårleg betalt og lever i slaveliknande tilhøve.[109]

Utanrikspolitikk

Tidlegare emir Hamad bin Khalifa Al Thani og den amerikanske utanriksministeren John Kerry i 2013.

Qatar er eit lite land med store granneland og prøver å utøve makt og verne staten sin og det regjerande dynastiet.[110] Den aukande internasjonaleprofilen til Qatar og den aktive rolla i internasjonale saker har gjort at somme analytikarar reknar Qatar som ei mellommakt. Qatar var tidleg medlem av OPEC og var med å grunnleggje Golfrådet (GCC). Det er eit medlem av Den arabiske ligaen. Landet har ikkje godteke obligatorisk domsmakt frå Den internasjonale domstolen.[74]

Qatar har òg eit bilateralt tilhøve til fleire land. USA og Storbritannia har i lag Al Udeid flybase i Qatar, som fungerer som knutepunkt for alle amerikanske og britiske flytokt i Persiabukta.[111] Herifrå har amerikanske og britiske styrkar sendt forsyningar til Irak og Afghanistan.[112] Trass i at landet har strategiske militærinstallasjonar for andre land, har ikkje Qatar alltid vore ein sterk alliert for Vesten. Qatar har tillate afghanske Taliban å setje opp eit politisk kontor i landet og har tette band til Iran, mellom anna eit naturgassfelt som dei to landa deler.[113] Ifylgje lekne dokument som vart publiserte i The New York Times vert innsatsen til Qatar innan antiterrorisme rekna som «den verste i regionen».[114] Dokumentet indikerte at tryggingstenesta i Qatar var «motviljug til å handle mot kjende terroristar i frykt for å verke for USA-støttande og provosere fram hemnaksjonar».[114]

Qatar har blanda tilhøve til grannelanda i Golfregionen. Qatar har signert ei samarbeidsavtale for forsvaret med Saudi-Arabia,[115] og i lag deler dei det største ikkje-assosierte gassfeltet i verda. Det var det andre landet, etter Frankrike, som offentleg anerkjende Det nasjonale overgangsrådet frå den libyske motstandsrørsla som den legitime regjeringa i Libya under den libyske borgarkrigen i 2011.[116] Qatar sitt tilhøve til Bahrain, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata kom til eit kokepunkt i mars 2014 då den qatarske regjeringa støtta Muslimsk brorskap[64] og ekstremistgrupper i Syria.[117] I mars 2014 gjekk tre medlemsland (Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Bahrain) til det steget å trekkje ambassadørane sine ut av Qatar. Qatar svarte med at dei ikkje kom til å trekkje sine eigne ambassadørar heim frå desse tre landa og la vekt på at dei ønskte å oppretthalde broderlege tilhøve til GCC-landa.[118] Då ambassadørane vart trekte attende, var GCC truleg alt på kanten av ei krise etter at det hadde oppstått ulike politiske blokker med motstridande interesser. Saudi-Arabia, UAE og Bahrain hamna i ein politisk kamp med Qatar, medan Oman og Kuwait representerte ei alliansefri blokk i GCC.[118] Tilhøva mellom landa kom seg etter at Golfrådet (GCC) kunngjorde at Bahrain, Saudi-Arabia og UAE skulle sende diplomatane sine attende til Qatar.[119] Islam Hassan, ein forskar i Golfstudiar ved Qatar universitet, hevda at Qatar med denne saka nådde eit nytt politisk nivå sidan dei klarte å avslutte krisa utan å endre dei utanrikspolitiske prinsippa sine eller forlate sine allierte.[118]

Det qatarske flagget i Libya etter den libyske borgarkrigen, Qatar spelte ei viktig rolle under den arabiske våren.

Qatar var ein av dei viktigaste støttespelarane til Muslimsk brorskap i Egypt og den demokratisk valde presidenten Mohamed Morsi før han vart avsett i eit militærkupp.[120] Qatar tilbaud Egypt eit lån på 7,5 milliardar dollar det året han hadde makta.[121]

I nyare år har Qatar vorte skulda for å hjelpe islamistiske militante i fleire land.[122] Sidan 2011 har Qatar aktivt støtta syriske opprørsgrupper med våpen.[114] Det finst prov for at Qatar har støtta dei strenge, islamske militantgruppene i Nord-Syria.[114]Qatar, Saudi-Arabia og Tyrkia har ope støtta Jaish al-Fatah,[123][124] ei paraplygruppe av antistatlege styrkar som kjempar i den syriske borgarkrigen og som visstnok omfattar den al-Qaida-tilknytte al-Nusra-fronten og ein annan salafi-koalisjon kalla Ahrar ash-Sham.[125] Qatar har òg gjeve 60 millionar dollar i humanitær hjelp til syriske sivile og flyktningar.[126]

Qatar har støtta Hamas, som det fyrst vart rapportert om i 2012,[127] og er vorten kritisert for dette av Israel, USA, Egypt og Saudi-Arabia, «som skuldar Qatar for å undergrave den regionale stabiliteten med å støtte Hamas.»[128] Den qatarske utanriksministeren har nekta for at landet støttar Hamas og sa «Me støttar ikkje Hamas, men me støttar palestinarane.»[129] Ifylgje ei fredsavtale garanterte Qatar for ein milliard dollar i humanitær hjelp til Gaza.[130]

Forsvaret

Qatar sitt Dassault Mirage 2000 flyg over Libya.

Det qatarske forsvaret har ein styrke på kring 11 800 mann, medrekna ein hær (8 500 mann), marine (1 800 mann) og luftforsvar (1 500 mann). Forsvarsutgiftene til Qatar utgjorde kring 4,2 % av bruttonasjonalproduktet i 1993. Qatar har nyleg inngått forsvarsalliansar med USA og Storbritannia, i tillegg til med Frankrike tidlegare i 1994. Qatar speler ei aktiv rolle i det kollektive forsvaret i Golfrådet; i lag med dei fem andre medlemslanda Saudi-Arabia, Kuwait, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Oman. USA og fleire andre SN-land driv ein stor qatarsk flybase, som er ei kjelde til tryggleik for landet. I 2008 brukte Qatar 2,355 milliardar dollar på militære utgifter, som er 2,3 % av BNP.[131] Qatarske spesialstyrkar har fått opplæring i Frankrike og andre vestlege land, og ein meiner dei er særs dugande.[75] Dei har mellom anna støtta libyske opprørarar under slaget ved Tripoli i 2011.[75]

Stockholm internasjonale fredforskingsinstitutt, SIPRI, fann i 2010–14 at Qatar var den 46. største våpenimportøren i verda. Dei skriv òg at Qatar har auka dei væpna styrkane sine dei siste åra.[132]

Administrativ inndeling

For meir om dette emnet, sjå kommunar i Qatar.
Kommunar i Qatar sidan 2004.

Sidan 2004 har Qatar vore inndelt i sju kommunar (arabisk baladiyah).[133]

  1. Madinat ash Shamal
  2. Al Khor
  3. Umm Salal
  4. Al Daayen
  5. Al Rayyan
  6. Doha
  7. Al Wakrah

For statistiske føremål har kommunane igjen vortne delte inn i 98 soner (i 2010),[134] som igjen er delte inn i blokker.[135]

Geografi

For meir om dette emnet, sjå qatarsk geografi.
Ørkenlandskap i Qatar.

Qatarhalvøya strekkjer seg 150 km ut i Persiabukta, nord for Saudi-Arabia. Landet ligg mellom 24° og 27° N, og 50° og 52° E. Det meste av landet er ei låg, naken slette, dekt med sand. I søraust ligg Khor al Adaid («innlandshavet»), eit område med mange sanddyner kring ei bukt i Persiabukta. Vintrane her er milde og sumrane særs varme med høg råme.

Det høgaste punktet i Qatar er Qurayn Abu al Bawl på 103 meter over havet, [74] Jebel Dukhan i vest, ei låg rekkje av kalksteinsberg som strekkjer seg frå Zikrit nord og gjennom Umm Bab i sør. Dei viktigaste oljefelta til Qatar på land ligg òg i Jebel Dukhan-området, medan naturgassfelta ligg offshore, nordvest for halvøya.

Biologisk mangfald og natur

Qatar har signerte konvensjonen for biologisk mangfald i Rio den 11. juni 1992, og vart ein del av konvensjonen den 21. august 1996.[136] Det er i alt registrert 142 sopparter i Qatar.[137] Ei bok som nyleg kom frå miljødepartementet i landet, dokumenterer alle øglene ein veit eller trur finst i Qatar.

I to tiår har Qatar hatt blant dei høgaste utsleppa av karbondioksid per innbyggjar i verda, med 49,1 tonn per person i 2008.[138] Qatararane har òg blant den høgaste bruken av vatn per innbyggjar per dag i verda, kring 400 liter.[139]

Klima

Qatar har eit heitt klima med lite nedbør. Persiabukta er det varmaste havvatnet i verda, og Qatar har dimed svært høg luftråme, som i samband med høge temperaturar fører til svært trykkjande varme om sumaren. Temperaturen kan om sumaren nå opp i 50 °C. I tillegg kjem det ikkje nedbør mellom mai og september, medan ein kan ha somme regnskurer resten av året. Vinteren er mild eller varm med ein snittemperatur på kring 20 °C, og vêret er stort sett solrikt og godt. Qatar får om lag 100 mm nedbør på eit år. Sandstormar ovrar seg ofte, særleg om våren.

Vêrdata for Qatar
JanFebMarAprMaiJunJulAugSepOktNovDesÅr
Gjennomsnittleg maks °C242526,535454950514439322737,3
Gjennomsnittleg min °C13151621252729292623191522
Gjennomsnittleg nedbør mm12,717,815,27,62,5000002,512,771
Kjelde: weather.com[140]


Økonomi

Grafisk skildring av eksporten til Qatar i 28 fargekoda kategoriar.

Før det vart oppdaga olje, var økonomien i Qatar-regionen basert på fiske og perlejakt. Rapportar laga av lokale guvernørar i Det osmanske riket i 1892 sa at den totale inntekta frå perlejakta i 1892 var 2 450 000 kran.[55] Etter japanarane innførte kulturperler på verdsmarknaden i 1920- og 1930-åra, gjekk den qatarske perleindustrien under. Det vart oppdaga olje i Qatar i 1940 på Dukhan-feltet.[141] Denne oppdaginga omforma økonomien til landet. I dag har landet ein høg levestandard for statsborgarane sine. Det er ingen inntektsskatt og Qatar er i lag med Bahrain eit av landa med dei lægste skattane i verda. Arbeidsløysa i juni 2013 var 0,1 %.[142] Selskapsretten krev at qatarske nasjonale må ha 51 % av alle føretak i emiratet.[61]

I 2014 hadde Qatar det høgaste BNP per innbyggjar i verda, ifylgje World Atlas Factbook[143] og kring 14 % av hushalda er dollarmillionærar.[144] Landet er særs avhengig av utanlandsk arbeidskraft for å få økonomisk vekst, faktisk i så stor grad at framandarbeidarar utgjer 86 % av folketalet og 94 % av arbeidsstyrken i landet.[145][146] Qatar er vorten rangert som ein av dei verste stadene i verda for arbeidarar av International Trade Union Confederation.[147] Den økonomiske veksten i Qatar er nesten utelukkande basert på petroleums- og naturgassindustrien, som byrja i 1940.[148] Qatar er den leiande eksportøren av flytande naturgass.[75] I 2012 vart det estimert at Qatar skulle investere over 120 milliardar dollar i energisektoren dei neste ti åra.[149] Landet har vore medlem av Organisasjonen av oljeeksporterande land (OPEC) sidan 1961.[150]

I 2012 vart Qatar igjen rekna som det rikaste landet i verda (etter inntekt per innbyggjar) for tredje gongen på rad, etter å ha passert Luxembourg i 2010. Ifylgje ein studie publisert av det Washington-baserte Institute of International Finance, er Qatar sitt BNP per innbyggjar ved kjøpekraftsparitet (PPP) 106 000 dollar (QR387 000) i 2012, og gjorde at landet vart rangert som det rikaste landet i verda. Luxembourg kom på andreplass med nesten 80 000 dollar og Singapore på tredje med kring 61 000 dollar. Forskinga estimerte at bruttonasjonalproduktet til Qatar 2012 var på 182 milliardar dollar, det høgaste til no, på grunn av høg gasseksport og høge oljeprisar. Folketalet i 2012 var på 1,8 millionar. Den same studien skreiv at Qatar Investment Authority (QIA) med sine 115 milliardar dollar vart rangert på 12. plass blant dei rikaste statlege investeringsfonda i verda.[151]

Qatar Investment Authority vart skipa i 2005 og er eit statleg investeringsfond som spesialiserer seg på framandinvesteringar.[152] På grunn av eit overskot på milliardar av dollar frå olje- og gassindustrien, har den qatarske staten investert direkte i USA, Europa og Aust-Asia. I 2013 var porteføljen verdsett til 100 milliardar i aktiva. Qatar Holding er den internasjonale investeringsdelen av QIA. Sidan 2009 har Qatar Holding fått 30–40 milliardar dollar i året frå staten. I 2014 hadde dei gjort investeringar verda over i Valentino, Siemens, Printemps, Harrods, The Shard, Barclays Bank, Heathrow Airport, Paris Saint-Germain F.C., Volkswagen Group, Royal Dutch Shell, Bank of America, Tiffany, Agricultural Bank of China, Sainsbury's, BlackBerry,[153] og Santander Brazil.[154][155]

Energi

Qatar Airways Boeing 787-8. Qatar Airways har ruter til over 100 internasjonale destinasjonar frå basen sin i Doha.

I 2012 hadde Qatar ein oljereserve på 15 milliardar fat og gassfelt som utgjorde meir enn 13 % av dei globale ressursane. Som fylgje av dette er landet det rikaste i verda etter inntekt per innbyggjar. Ingen av dei to millionar innbyggjarane lever under fattigdomsgrensa og mindre enn 1 % er arbeidslause.[156]

Det gjekk nedover med økonomien i Qatar frå 1982 til 1989. Kvotane til OPEC for råoljeproduksjon, lægre oljepris og generelt lite lovande framtidsutsikter i den internasjonale oljemarknaden reduserte oljeinntektene. Den qatarske staten måtte difor kutte kostnader i takt med den lægre inntekta. Dette fekk mange lokale føretak til å unngå framandarbeidarar. Då økonomien kom seg att i 1990-åra, byrja talet på framandarbeidarar å auke igjen, særleg frå Egypt og Sør-Asia.

Oljeproduksjonen er venta å vere over toppen på 500 000 fat (80 000 m³) per dag, sidan fleire oljefelt er rekna å vere tomme for olje innan 2023. Qatar har derimot store naturgassreservar utanfor nordaustkysten. Gassreservane til Qatar er dei tredje største i verda, og er på meir enn 7 000 km³. Økonomien auka i 1991 då det fyrste stadiet i utbygginga av North Field-feltet stod ferdig. I 1996 byrja Qatargas å eksportere flytande naturgass (LNG) til Japan.

Av Qatar sine tungindustriprosjekt, alle baserte i Umm Said, omfattar eit raffineri med ein kapasitet på 50 000 fat (8 000 m³) per dag, eit kunstgjødselsanlegg for urinstoff og ammoniakk, eit stålverk, og ein petrokjemisk fabrikk. Alle desse industriane nyttar gass som brensel. Dei fleste er fellesprosjekt mellom europeiske og japanske selskap og det statsåtte Qatar General Petroleum Corporation (QGPC). USA er den største utstyrsleverandøren for olje- og gassindustrien i Qatar og amerikanske selskap speler ei stor rolle i utviklinga av North Field-gassfeltet.[156]

Folkesetnad

I 2013 var folketalet i Qatar 1,8 millionar. Av dette er berre 278 000 qatarske borgarar og 1,5 millionar utlendingar.[1] Qatarske nasjonale utgjer berre 13 % av folketalet. Ikkje-arabiske utlendingar utgjer mesteparten av innbyggjartalet i Qatar. Indarar utgjer med 545 000 menneske den største folkegruppa i 2013.[1] I tillegg var det 341 000 nepalesarar, 185 000 filippinarar, 137 000 bangladesharar, 100 000 srilankarar og 90 000 pakistanarar, i tillegg til mange andre nasjonalitetar.[1]

Dei fyrste demograiske kjeldene i Qatar går attende til 1892 då Det osmanske riket kontrollerte regionen. Då budde det 9 830 innbyggjarar i Qatar.[55]

Historiske folketal
ÅrFolketal±%
190427 000
1970111 133+311.6%
1986369 079+232.1%
1997522 023+41.4%
2004744 029+42.5%
20101 699 435+128.4%
20131 903 447+12.0%

I folketeljinga i 2010 var det samla folketalet på 1 699 435.[158] I januar 2013 estimerte Qatar Statistics Authority at landet hadde 1 903 447, innbyggjarar, av dette 1 405 164 menn og 498 283 kvinner.[159] Under den fyrste folketeljinga, i 1970, var folketalet 111 133.[157] Folketalet har tredobla seg i tiåret fram til 2011, frå like over 600 000 menneske i 2001.[160] Det store inntoget av mannlege arbeidarar har gjort fordelinga mellom menn og kvinner veldig skeiv, og kvinner utgjer no berre ein firedel av folkesetnaden.[160]

Estimat indikerer at Qatar passerte 2,8 millionar innbyggjarar i 2020.[161]

Doha på kveldsstid.

Religion

Moské i Qatar.

Islam er den dominerande religionen i landet. Statsreligionen til Qatar er wahhabi-islam.[162] Dei fleste qatararane høyrer til den strenge salafi-sekta av islam.[5][6][7] Dei fleste qatararane er sunni-muslimar, og berre 10-20 % er sjia-muslimar.[163] Ifylgje ei folketeljing i 2004, var 71,5 % av innbyggjarane sunnimuslimar og kring 10-20 % sjiamuslimar, 8,5 % er kristne og 10 % er «andre».[74][164] Sjarialova er hovudgrunnlaget for den qatarske lovgjevinga.[8][9]

Den kristne folkesetnaden er nesten berre utlendingar.

Språk

Arabisk er det offisielle språket i Qatar, der qatararabisk er eit heimleg målføre. Engelsk er det nest mest vanlege språket,[165] og er eit aukande fellesspråk, særleg innan handel. Faktisk aukar bruken av engelsk så mykje at ein må gå til steg for å verne arabisk frå engelsk inntrenging.[166] I 2012 vart Qatar med i den internasjonale, fransktalande organisasjonen La Francophonie som eit nytt, tilknytt medlem,[167] fordi kring 10 % av innbyggjarane i Qatar var fransktalande.[168][169] Andre språk som vert talte i landet er hindi, malayalam, urdu, pashto tamilsk, nepalsk, singhala og tagalog.[170]

Kultur

Kulturen i Qatar er mykje den same som i andre land i Aust-Arabia. Kulturen er kraftig påverka av islam. Den qatarske nasjonaldagen, som vert feira 18. desember kvart år, har hatt ei viktig rolle i å utvikle ei kjensle av nasjonalidentitet.[171] Dagen er til minne om då Jassim bin Muhammed Al Thani tok over trona og den påfylgjande samlinga av dei ulike stammene i landet.[172][173]

Kunst og museum

Fleire eldre medlemer av Al Thani-familien i Qatar er kjende samlarar av islamsk og moderne kunst.

Museum for islamsk kunst opna i 2008 og vert rekna som eit av dei beste musea i regionen.[174] Dette og fleire andre museum i Qatar, som Arabisk museum for moderne kunst, er underlagde Qatar Museums Authority (QMA) som er leia av sjeik Al-Mayassa bint Hamad bin Khalifa Al-Thani, systera til den regjerande emiren i Qatar, og den aktive samlaren og kunstelskaren sjeik Hassan bin Muhammed Al Thani.[175]

Qatar er den største kjøparen i verda av dyr kunst.[176]

Media

Media i Qatar vart klassifisert som «ikkje frie» i 2014 av Freedom of the Press-rapporten til Freedom House.[177] Qatar byrja med TV-sendingar i 1970.[178] Al Jazeera er det viktigaste TV-nettverket i landet og har hovudkvarter i Doha. Al Jazeera byrja sendingane sine i 1996 med arabiske nyhende for den arabiske verda, men har sidan utvida til å verta eit globalt nettverk med fleire spesialkanalar i det som i lag vert kalla Al Jazeera Media Network.

Nyhendedesken til Al Jazeera English, ein qatarsk nyhendekanal.

Det har vorte rapportert at journalistar driv sjølvsensur, særleg i høve som gjeld regjeringa og emirfamilien i Qatar.[179] Kritikk av regjeringa, emiren og familien hans i media er ulovleg. Ifylgje paragraf 46 i presselova «Skal emiren av staten Qatar ikkje kritiserast og ingen utsegner kan tilskrivast han utan skriftleg løyve».[180] Journalistar kan òg verte forfylgde for å krenkje islam.[177]

I 2014 vart det vedteken ei lov for nettkriminalitet. Lova er sagt å hindre pressefridom og kan gje fengselsstraff eller bøter for vide årsaker som å setje den lokale freden i fare eller publisere falske nyhende.[181] Gulf Center for Human Rights har sagt at lova er eit trugsmål for ytringsfridomen og har bede om at somme av paragrafane i lova vert fjerna.[182]

Pressemedia har vorte utvida i dei seinaste åra. Det finst i dag sju aviser i Qatar, fire av dei på arabisk og tre på engelsk.[183]

Når det gjeld infrastruktur kring telekommunikasjon er Qatar rangert høgast av landa i Midtausten på World Economic Forum's Network Readiness Index (NRI) – ein indikator for å finne nivået på informasjon- og kommunikasjonsteknologi i eit land. Qatar var rangert på 23. plass totalt i 2013 og 2014.[184]

Musikk

Qatarske dansarar og musikarar

Musikken i Qatar er basert på beduin-poesi, song og dans. Tradisjonelle dansar i Doha vert framførte kvar fredag ettermidag. Ein av desse dansane er ardah, ein stilisert krigsdans framført av to rekkjer av dansarar til ei rekkje perkusjonsinstrument, som al-ras (ei stor tromme der lêret vert varma opp over open eld), tamburinar og cymbalar med små trommer.[185] Andre perkusjonsinstrument nytta i folkemusikken er galahs (ei høg keramikkrukke) og drikkekar i tinn kalla tus eller tasat, vanlegvis i lag med ein tabl, ei lang tromme ein slår på med ei stikke.[186] Strykeinstrument ,som oud og rebaba, er òg vanleg i qatarsk musikk.[185]

Idrett

Fotball er den mest populære idretten i Qatar, både for utøvarar og tilskodarar.[187] U20-laget til Qatar tapte 4-0 i finalen i U20-VM i fotball i 1981 mot Vest-Tyskland. I 1988 og 2011 vart Asiameisterskapen i fotball halde i Qatar.[188]

Den 24. oktober 2016 vart det klårt at Qatar skulle vere vertskap for fotball-VM 2022, trass i at landet aldri tidlegare har kvalifisert seg for sluttspelet.[189] Det er planlagt å byggje ni nye stadium og utvide tre andre for denne hendinga. Avgjerda vart rekna som særs kontroversiell med skuldingar om muting. I tillegg er det vorte klaga på at det er altfor varmt til at det er forsvarleg å gjennomføre kampane og at å halde konkurransen om vinteren ville skiple fotballsesongen i mange land.[190][191]

The Guardian, ei britisk nasjonal dagsavis, laga ein kort dokumentar kalla «Abuse and exploitation of migrant workers preparing emirate for 2022».[103] Her viste dei at utanlandske arbeidarar som bygde anlegga for fotball-VM ikkje hadde vorte betalt på eitt år og levde under særs vanskelege kår.[192] I 2014 skal nepalske arbeidarar på anlegga for fotball-VM ha omkome omtrent annankvar dag.[193] Organisasjonskomiteen for Qatar 2022 har svart på dei ulike skuldingane med å hevde at sidan dei skulle vere vertsland så ville det «drive fram endringar» i regionen.[194]

Sjølv om fotball er den klårt mest populære idretten er det andre populære idrettar òg. I 2015 kom det qatarske landslaget i handball på andreplass bak Frankrike under handball-VM.[195]

Khalifa internasjonale tennis og squash-kompleks i Doha har vore vertskap for WTA Tour Championships i kvinnetennis i 2008 og 2010. Doha held WTA-turneringa Qatar Ladies Open kvart år. Sidan 2002 har Qatar halde den årlege Tour of Qatar, eit sykkelløp i seks etappar.[196]

Utdanning

Qatar universitet,

Qatar hyrte RAND Corporation til å reformere utdanningssystemet sitt.[75] Gjennom Qatar Foundation har landet bygd Education City, eit universitetsområde med lokale avdelingar av Weill Cornell Medical College, Georgetown University School of Foreign Service, Northwestern's Medill School of Journalism, Texas A&M's School of Engineering og andre vestlege institusjonar.[75]

Lesekunna i Qatar er på 96,9 % for menn og 95,8 % for kvinner i 2012, det høgaste i den arabisktalande verda, men eit stykke ned på lista for heile verda.[197] Skulegangen er obligatorisk for alle innbyggjarane frå barnehage til vidaregåande skule. Qatar universitet vart skipa i 1973 og er den eldste og største institusjonen for høgare utdanning i landet.[198][199]

I 2012 rangerte Qatar nær botnen av lista til OECD-land i PISA sin test innan matte, lesing og dugleik for 15- til 16-åringar, samanliknande med Colombia eller Albania, trass i at landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda.[200] Qatar har ein nasjonal tiårsplan for å betre utdanningsnivået i landet.[201]

Helse

Eit sjukehus under bygging i Al Wakrah.

I 2010 utgjorde helsevesenet 2,2 % av BNP, det høgaste i Midtausten.[202] I 2006 var det 23,12 lækjarar og 61,81 sjukepleiarar per 10 000 innbyggjarar.[203] Venta levealder var 82,08 år i 2014, eller 83,27 for menn og 77,95 for kvinner. Dette er den høgaste venta levealderen i Midtausten.[204] Qatar har lågt dødstal blant spedbarn, 7 av 100 000.[205]

Landet har blant den høgaste raten av fedme, diabetes og genetiske sjukdomar i verda.[206] Ifylgje March of Dimes er Qatar rangert på 16. plass globalt i talet på fødselsfeil per 1000 fødslar;[206] dette kjem av dei mange tilfella av blodslektskap i ekteskapa.[61] Qatar har som mål å få eit helsevesen i verdsklasse innan 2030.[207]

Det fyrste statlege sjukehuset i Qatar opna i 1957.[208] Hamad Medical Corporation (HMC), som er knytt til Cornell University, er det fremste ålmennyttige sjukehuset i landet. Det vart skipa i Doha i 1979.[209] Det finst òg fleire private sjukehus i landet.[210]

Samferdsle og infrastruktur

Qatar har eit godt utbygd vegnett. Doha internasjonale lufthamn ligg rett utanfor hovedstaden og det vert for tida bygd ein ny og større flyplass rett bortanfor den gamle. Qatar har korkje jarnbane eller sporvegar. Planar om ei togbane frå industribyen Mesaieed til Wakra og Doha er likevel kunngjorde, men det er ikkje vorte stadfest av Mowasalat, kollektivfirmaet i Qatar, at det hender i næraste framtida. Kollektivtransport er avgrensa. Det har dei siste åra vorte oppretta bussruter over heile landet, men drosje er framleis det viktigaste fargreia for dei som ikkje har eige køyretøy. Kvinner kan køyre bil – i motsetnad til i Saudi Arabia.

Telekommunikasjonane er moderne med internasjonale samband via både landkabel, sjøkabel og satellitt. Det nasjonal teleselskapet, Qtel, dominerer marknaden, men dei siste åra har det kome fleire aktørar på mobilmarknaden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for vQatar frå Wikivoyage