Quechuaspråk

(Omdirigert frå Quechua)
Sjå òg artikkelen om quechuaene

Quechua (runasimi, 'folkespråket') er ein språkfamilie i Sør-Amerika med 46 ulike variantar, som blir snakka av quechuafolk i Andes, frå Colombia og Ecuador og sørover til Argentina. Quechua er tradisjonelt blitt sett på som eitt språk, men det er betre å sjå det som eit makrospråk med fleire beslekta variantar.[1] Ser ein det som eitt språk, er quechua det største av alle dei søramerikanske urfolkspråka.

Quechua
Runa Simi
KlassifiseringQuechua
Bruk
Tala iArgentina, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador, Peru
OmrådeAndes
Quechuatalande i alt9,6 millionar
RangeringIkkje blant dei 100 mest utbreidde språka
SkriftsystemLatinske bokstavar
Offisiell status
Offisielt språk iBolivia og Peru
Normert avAcademia Mayor de la Lengua Quechua
Språkkodar
ISO 639-1qu
ISO 639-2que
Wikipedia på quechua

Quechuaspråka har ein grammatikk som minnar ein god del om tyrkiske og uralske språk, med regelmessig suffiksering. Morfologien er komplisert, quechua har til dømes objektskonjugasjon.

Klassifisering

Dei mange ulike variantane av quechua utgjer saman ein eigen språkfamilie. Nokre språkforskarar har foreslått eit språkleg slektskap mellom quechua og aymara som medlemmer av ei større språkgruppe, men dette er omstridd. Ei alternativ forklaring er at likskapen kan vere skapt av kontakt meir enn av eit felles opphav. Bortsett frå dette har ikkje quechuaspråka kjende slektningar.

Utbreiing

Dei ulike hovudgruppene av quechua.

Offisiell status

Quechua er i dag offisielt språk i Peru og Bolivia, saman med spansk og aymara.

Dei ulike quechuaspråka

Det finst to hovudgrupper av dialektar, waywash og wanp'un. Waywash eller quechua I vert snakka i det sentrale høglandet i Peru. Det er den eldste og mest utbreidde greina av quechua og har ofte vore halde fram som eit sjølvstendig språk.

Wanp'una eller quechua II er vidare delt inn i tre grupper. Yunkay er sporadisk brukt i vestlege høgland i Peru. Quichua (runashimi, nordleg quechua) er den avgreininga som blir nytta i Colombia og Ecuador. Sørleg quechua blir snakka i sørlege høgland av Peru, Bolivia, Argentina og Chile.

Sørleg quechua blir rekna for å vere den viktigaste greina fordi den har flest brukarar og grunna kulturell og litterær arv i språket.

Alfredo Torero klassifiserer dei slik:

  • Quechua I eller sentralquechua eller waywash, blir snakka i langs kusten og i dei sentrale høglanda i Peru
    • Dei mest snakka variantane er Huaylas, Huaylla Wanca, og Conchucos.
  • Quechua II eller wanp'una, delt inn i
    • Yungayquechua eller quechua II A, snakka i dei nordlege fjellområda i Peru, den mest utbreidde dialekten er Cajamarca.
    • Nordleg quechua eller quechua II B, snakka i Ecuador (kichwa), i nordlege Peru, og Colombia (inga kichwa)
      • Dei stærste dialektane er Chimborazo-quichua og Imbabura-quichua.
    • Sørleg quechua eller quechua II C, snakka i Bolivia, det sørlege Peru, Chile, og Argentina.
      • Dei største variantane er cusco, ayacucho, og puno.

Slektstre for dei ulike språka

Willem Adelaar følgjer oppdelinga i quechua I / quechua II. Men han flyttar delar av quechua II-A til quechua I:[2]

Urquechua
  Q I  
Sentral

Ancash (Huaylas–Conchucos)



Alto Pativilca–Alto Marañón–Alto Huallaga



Yaru



Wanka (Jauja–Huanca)



Yauyos–Chincha (Huangáscar–Topará)




Pacaraos



Q II 


Lambayeque (Cañaris)



Cajamarca



QIIA

Lincha



Laraos





Kichwa ("Ecuadoriansk")


QIIB

Chachapoyas (Amazonas)



Lamas (San Martín)



QIIC

Ayacucho



Cusco



Puno (Collao)



Nordboliviansk (Apolo)



Sørboliviansk



Santiago del Estero







Skriftsystem

Quechua hadde ikkje noko eige skriftsystem, men brukte quipu, farga trådar med knutar, til å kommunisera over avstand med. Tydinga av desse trådane er i ein stor grad ukjend, men me veit at dei blei brukt til å føra rekneskap med og kanskje òg til ein slags brev.

Etter at Spania hadde erobra Inkariket tok ein til å skriva språket med det latinske alfabetet.

Grammatikk

Quecua er eit agglutinerande språk, som tyrkisk og finsk, og eit SOV-språk.

Substantiv

Substantiv i quechua blir bøygd i to numerus, singular og plural. Plural blir markert med suffikset -kuna. Substantiva får også kasussuffiks: genitiv -p(a), akkusativ -ta, "gjennom" -nta, "til" -man, "frå" -manta, "for" -paq, "i" -pi, "med" -wan.

Pronomen

Numerus
SingularPlural
PersonFørsteÑuqaÑuqanchik (inklusiv)

Ñuqayku (exklusiv)

AndreQamQamkuna
TredjePayPaykuna

I quechua er det sju personlege pronomen. For første person plural ("vi") har quechua to ulike pronomen, eitt for inklusiv "vi" (eg og du og evt. andre), og eitt for eksklusiv "vi" (eg og andre, men ikkje du).

Eigedomstilhøve uttrykker quechua gjennom possessivsuffiks:

wasi = hus; wasiy = huset mitt; wasiyki = huset ditt; wasin = huset hans/hennes; wasinchik = vårt (også ditt) hus; wasiyku = vårt (ikkje ditt) hus; wasiykichik = dykkar hus; wasinku = deira hus.

Viss eigaren er eit substantiv, står det i genitiv (-p(a)), og substantivet som uttrykker det eigde har eit possessivsuffiks: intip churin = solas son.

Dei viktigaste demonstrativpronomena i quechua er kay (denne), chay (det) og wak (det der).

Verb

Endingane til verbet i indikativ er:

NotidEnkel fortidFramtidNarrative fortid
Ñuqa-ni-rqa-ni-saq-sqa-ni
Qam-nki-rqa-nki-nki-sqa-nki
Pay-n-rqa-n-nqa-sqa
Ñuqanchik-nchik-rqa-nchik-sun-sqa-nchik
Ñuqayku-yku-rqa-yku-saq-ku-sqa-yku
Qamkuna-nki-chik-rqa-nki-chik-nki-chik-sqa-nki-chik
Paykuna-n-ku-rqa-nku-nqa-ku-sqa-ku

Verbet kan stå i eintal når subjektet står i fleirtal: Runakunaqa llaqtakunapim kawsan. = Menneska bur i (lands)byar.


Quechua har objektskonjugasjon, dvs. at verbet kongruerer ikkje berre med subjektet, men også objektet. Døme:

Rikuni.Eg ser.
Rikuyki.Eg ser deg.
Rikunki.Du ser.
Rikuwanki.Du ser meg.
Rikun.Han/ho ser.
Rikuwan.Han/ho ser meg.
Rikusunki.Han/ho ser deg.

Historie

Opphav og vekst

Oca y Mashua er kokte rotknollar og ein tradisjonell matrett i Peru. Nemninga oca (Oxalis tuberosa) og mashua (Tropaeolum tuberosum) kjem frå quechua.

Nokon teoriar om opphavet peikar i retning av ei første territorial utbreiing i dei sentrale kystområda i det moderne Peru, kan hende der oldtidsbyen Caral låg tilbake til ca. 2600 år før Kristus. Inkaherskaren Pachacútec i Cuzco gjorde quechua til det offisielle språket i Inkariket, dermed blei språket dominerande frå Ecuador og langt ned i dagens Chile.

Då spanske misjonærar kom til landet, var språket blitt til eit lingua franca der. Den katolske kyrkja som etter kvart blei etablert i landet brukte quechua mykje som kyrkjespråk, og spreidde det endå vidare enn det gamle inkariket hadde vore.

«Hanacpachap cussicuinin», katolsk prosesjonssong på quechua frå 1631.

I eit viss mon kan ein seie at den katolske kyrkja styrkte utbreiinga av quechua og styrkte kulturen fordi ho valde å forkynne på språket i Andesregionen. På den andre sida må ein tru at quechuaspråka vart sett under press av spansk då spansk vart administrasjonsspråk etter erobringa av Inkariket og dominant i høve til urfolket sitt språk.

Påverknad på Europa

Quechua-kulturen har påverka Europa, både språkleg og materielt. Desse orda kom frå quechua til europeiske språk, i lag med kunnskap om tinga dei viser til: alpakka, quipu, pampas, poncho, potet, lama, inka, kondor, koka og guano.

Utbreiing i dag

Quechua er det eine av dei to store blant urfolk i Andesregionen, saman med aymara. Geografisk er quechua i dag nytta over store delar av Peru og Bolivia, i sørlege Ecuador og Colombia, nordlege Chile og nordvestlege delar av Argentina. Når det gjeld talet på brukarar finst det ingen pålitelege kjelder. Boka Lingüística quechua frå 1987 reknar at 8,35 millionar menneske snakka språket den gongen, i dag kan talet ha auka grunna vekst i folkesetnaden, men på den andre sida er språket sterkt truga av det dominante spanske språket, særleg når folk flyttar inn i urbane område.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikipediaquechuaspråk

Litteratur

  • Serafin M. Coronel-Molina: Quechua Phrasebook. 2nd Edition. Lonely Planet, Footscray u. a. 2002, ISBN 1-86450-381-5.
  • Eva Gugenberger: Identitäts- und Sprachkonflikt in einer pluriethnischen Gesellschaft. Eine soziolinguistische Studie über Quechua-Sprecher und -Sprecherinnen in Peru. WUV-Universitäts-Verlag, Wien 1995, ISBN 3-85114-225-X (Dissertationen der Universität Wien 17), (Zugleich: Wien, Univ., Diss., 1994).
  • Roswith Hartmann (Hrsg.): „Rimaykullayki“. Unterrichtsmaterialien zum Quechua Ayacuchano – Peru. Zusammengestellt nach Clodoaldo Soto Ruiz „Quechua – manual de enseñanza“ Lima 1979 und ergänzt von Sabine Dedenbach-Salazar Sáenz. Aktualisierte, erweiterte und überarbeitete Neuauflage. 3. Auflage. Reimer, Berlin 1994, ISBN 3-496-02520-4.
  • Kendall A. King (Hrsg.): Quechua sociolinguistics. Mouton de Gruyter, Berlin u. a. 2004, (International journal of the sociology of language 167, ISSN 0165-2516).
  • Rosaleen Howard: Kawsay Vida: A Multimedia Quechua Course for Beginners and Beyond University of Texas Press, 2014, ISBN 978-0-292-75444-7
  • Willem Adelaar, Pieter C. Muysken (2004). 3.2 The Quechuan language family. The languages of the Andes. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 052136275X. 
  • Rodolfo Cerrón-Palomino (2003). Lingüística quechua (2 utg.). Cuzco: Centro de Estudios Regionales Andinos 'Bartolomé de las Casas'. 
  • Cusihuamán, Antonio (2001). Gramática Quechua Cuzco-Collao. Cuzco: Centro de Estudios Regionales Andinos 'Bartolomé de las Casas'. ISBN 9972-691-36-5. 
  • Cusihuamán, Antonio (2001). Diccionario Quechua Cuzco-Collao. Cuzco: Centro de Estudios Regionales Andinos 'Bartolomé de las Casas'. ISBN 9972-691-37-3. 
  • Itier César, Alfredo Torero (1995). Del siglo de oro al siglo de las luces: lenguaje y sociedad en los Andes del siglo XVIII. Cuzco: Centro de Estudios Regionales Andinos 'CBC'. ISBN 84-8387-020-7. 
  • Bruce Mannheim (1991). The Language of the Inka since the European Invasion. Austin: University of Texas Press. ISBN 0-292-74663-6. 
  • Alfredo Torero Fernández de Córdova (1974). El quechua y la historia social andina. Lima: Universidad Ricardo palma, Dirección Universitaria de Investigación. ISBN 9786034502109. 
  • Alfredo Torero Fernández de Córdova (1983). La familia lingüística quechua. América Latina en sus lenguas indígenas. Caracas: Monte Ávila. ISBN 9233019268. 

Nettkurs

Litteratur på quechua