Tønnes

mannsnamn

Tønnes eller Tønne er mannsnamn danna som kortformer av Antonius med opphav i eit latin slektsnamn. Namna har gjeve opphav til slektsnamna Tønnesen og Tønnessen som patronym.

Tønnes har namnedag i Noreg 17. januar.

Bruk

Bruken av namnet i Noreg

  • I folketeljinga frå 1801 var det 760 som hadde namnet i formene Tønes, Tønnes, 13 med namneforma Tønne
  • I 1900 var 1518 listeførte med namnet Tøn(n)es , dei fleste budde i Vest-Agder og Rogaland, 5 med namneforma Tønne
  • I 2008 har 206 menn Tønnes til første fornamn. Namnet Tønne er ikkje oppgjeve brukt i listene frå SSB.

Kjende namneberarar

  • Tønne Huitfeldt (1625-1677), norsk offiser og godseigar
  • Tønnes Rolfsen (1736-1792), norsk skipsbyggjar og verftseigar
  • Tønnes Taralsen (1786-1840), norsk stortingsmann
  • Tønnes Puntervold (1826-1914), norsk handelsmann og skipsreiar
  • Tønnes Birknes (1871-1956), norsk komponist
  • Tønnes Frøyland (1879-1914), norsk misjonær til Kina
  • Tønnes Sirevåg (1909-1994), norsk skulemann
  • Tønnes Andenæs (1923-1975), norsk forleggjar og politikar
  • Tønnes Hilden (f. 1959), dansk forfattar
  • Tønnes Seland (f. 1964), norsk lokalpolitiakr, ordførar i Audnedal kommune

Sjå òg

Kjelder