Vientiane
Vientiane er hovudstaden i Laos og ligg ved elva Mekong. Byen hadde i 2020 eit innbyggjartal på 948 487. Han er ein administrasjons- og handelsby. Ved Vientiane kan berre små fartøy sigla på Mekong. Byen har ei internasjonal lufthamn, universitet og ei rad andre utdannings- og forskingsinstitusjonar. Vientiane har også mange buddhisttempel og nasjonalmonumentet Pha That Luang. Det tidlegare kongeslottet i byen er no regjeringsbygg.
Vientiane | |||
by | |||
Land | Laos | ||
---|---|---|---|
Areal | 3 920 km² | ||
Folketal | 948 487 (2020) | ||
Vientiane 17°59′N 102°38′E / 17.98°N 102.63°E | |||
Wikimedia Commons: Vientiane |
Byen vart grunnlagd på 1200-talet. Kong Setthathirath gav byen status som hovudstad i Lan Xang i 1560. Då Lan Xang fall i 1707 vart Vientiane eit sjølvstendig kongedøme. I 1779 vart byen erobra av den thailandske generalen Phraya Chakri, og vart ein vasallstat til Siam. Vientiane vart hovudstad i det franskstyrte Laos i 1899.