Kozmodemjansk (russisk Козьмодемья́нск, marisk Цикмӓ – Tsikmä eller Чыкма–Čykma) er ein by i Republikken Mari El i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg på sørbreidda av Tsjeboksary-reservoaret i Volga, rundt 90 km sørvest for Josjkar-Ola.
Han vart grunnlagd av tsarIvan IV i 1583 etter erobringa hans av Kazan i 1552 og tsjeremiskrigane i 1553-1557, 1582 og 1592 som ei grensefestning for å vakte dei nye grensene til Storfyrstedømet Moskva.