Seljord | |||
tettstad | |||
Seljord kyrkje frå 1180 | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Seljord | ||
Areal | 2,28 km² | ||
Folketal | 1 462 (2023) | ||
Folketettleik | 641 / km² | ||
Postnummer | 3840 SELJORD | ||
Innbyggjarnamn | seljording | ||
Preposisjon | i Seljord | ||
Seljord 59°29′03″N 8°37′57″E / 59.48416667°N 8.6325°E / 59.48416667; 8.6325 | |||
Wikimedia Commons: Seljord (town) |
Seljord er ein tettstad og administrasjonssenter i Seljord kommune i Telemark fylke. Tettstaden har 1 462 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er handels- og sørvissenter for kommunen, men i nokon mon også for heile Vest-Telemark.
Seljord er kjend for «Dyrsku'n», eit fesjå som har vore halde på plassen årleg sidan 1866.
Av institusjonar på staden kan nemnast Seljord Folkehøgskule og ei avdeling av Bø vidaregåande skule.
Seljord ligg ved nordenden av Seljordsvatn, omtrent 30 kilometer nordvest for Bø ved krossen mellom riksveg 36 og E 134. Bussekspressar har ruter til Notodden-Oslo, Bergen og Skien-Porsgrunn-Tønsberg. Det går òg bussruter går til Kviteseid-Fyresdal og Arendal.
Folketalsutvikling i Seljord | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1950 | 511 | |||
1960 | 592 | |||
1970 | 961 | |||
1980 | 1 430 | |||
1990 | 1 328 | |||
2000 | 1 137 | |||
2009 | 1 223 | |||
2012 | 1 278 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |