Al Lulu

Al Lulu eller Luluøya (arabisk جزيرة اللؤلؤ) er ei kunstig øy utafor kysten av Abu Dhabi, hovudstaden i Dei sameinte arabiske emirata. Ho strekkjer seg frå Abu Dhabi-moloen til Zayed hamn. Øya er litt over 4 km² stor.

Al Lulu
øy
Den kunstige øya Al Lulu i Abu Dhabi
Land Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar24°30′N 54°21′E / 24.500°N 54.350°E / 24.500; 54.350
Areal4,2 km²
Kart
Al Lulu
24°29′57″N 54°20′38″E / 24.499166666667°N 54.343888888889°E / 24.499166666667; 54.343888888889
Wikimedia Commons: Al-Lulu Island, Abu Dhabi

Øya vart bygd frå 1988 til 1992.[1] Etter at det vart lagt fleire forskjellige planar for øya, er no utvikal til å bli eit delvis bustadområde og delvis forretningsstrøk. Etter 2009 har det ikkje gått båtsamband til øya og ho er no lukka for ålmenta og berre tilgjengeleg med privatbåt. Øya har likevel ofte blitt brukt av ålmenta.[2]

Kjelder