Andromache

gresk songar

Andromákhi Dimitropoúlou (fødd 12. oktober 1994), kjend under artistnamnet Andromache, er ein gresk songar. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2022 med låten «Ela».

Andromache

Fødd12. oktober 1994 (29 år)
FødestadSiegen
FødenamnΑνδρομάχη Δημητροπούλου
OpphavHellas
Aktiv2015–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar-låtskrivar

Bakgrunn

Dimitropoúlou vart fødd i Siegen i Tyskland, men familien flytta til Lekhená i Hellas då ho var ti år gammal. Seinare flytta ho til Athen, der ho studerte tysk filologi ved Universitetet i Athen. Om kveldane song og opptredde ho på utestader og konsertlokale rundt om i hovudstaden.[1]

Dimitropoúlou vart kjend for eit større publikum i 2015, då hun deltok i den andre sesongen av The Voice of Greece.[2] Ho vann ikkje talentshowet, men to år etter sikra ho seg ein platekontrakt med Panik Records.[3] Same år slapp ho sin fyrste singel, «To feggári» (Το φεγγάρι; månen).[4]

Den 9. mars 2022 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren CyBC at dei hadde vald Dimitropoúlou til å representere Kypros under Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[5] Ho konkurrerte med låten «Ela», men vart slått ut i semifinalen.[5][6]

Diskografi

Singlar

  • 2017 – «To feggári»
  • 2018 – «Den mporó»
  • 2019 – «Den se diálexa»
  • 2019 – «Na ´Soun Pséma»
  • 2020 – «S´ agapó»
  • 2020 – «Thalassáki»
  • 2021 – «Vásano mou»
  • 2022 – «Ela»

Kjelder