Ciudad Perdida
Ciudad Perdida (spansk for 'Tapt by') er ein arkeologisk funnstad i Sierra Nevada de Santa Marta i Colombia. Han er ein gammal by som ein reknar med blei grunnlagd rundt år 800, om lag 650 år før Machu Picchu. Staden er også kjend som «Teyuna» og «Buritaca 200».
Ciudad Perdida | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Ciudad Perdida 11°02′17″N 73°55′31″W / 11.037997222222°N 73.925191666667°W | |||
Wikimedia Commons: Ciudad Perdida |
I Ciudad Perdida finst 169 terrassar grovne ut i fjellsida, eit nettverk av hellelagde vegar og fleire små, runde torg. Ein kan berre koma inn til staden ved å gå opp 1 200 trappetrinn av stein gjennom tett jungel.[1][2]
Moderne oppdaging
Ciudad Perdida blei oppdaga i 1972, då ei gruppe lokale skattejegerar fann ei rad steintrinn som gjekk opp fjellsida. Dei følgde trinna og fann ein forlaten by. Då gullstatuettar og keramiske urner frå denne byen byrja å sirkulera på den lokale svartebørsen drog arkeologar leia av Instituto Colombiano de Antropología til staden i 1976. Dei utførte ein komplett rekonstruksjon i tida 1976–1982.[2][3]
Medlemmer av lokale urfolksstammar – arhuaco, kogi og wiwa – har sagt at dei vitja staden jamleg før han blei vidkjend, men at dei ikkje hadde snakka om han. Dei kallar byen Teyuna og meiner han var hjartet i eit nettverk av landsbyar som husa forfedrane deira, Tairona. Ciudad Perdida var truleg det politiske og industrielle senteret for regionen rundt Buritaca-elva, og kan ha husa 2 000–8 000 folk. Det verkar som om han blei fråflytta under den spanske erobringa.[2]
Galleri
- Ein stein med utskjeringar som ein trur er eit kart over Ciudad Perdida med stiar rundt.
- Oversyn over Ciudad Perdida.
- Ein del av steintrappene som leier opp frå elvedalen til Ciudad Perdida.
- Kogikvinne og barn på ein av terrassane ved Ciudad Perdida.
- Kogimann på ein av terrassane ved Ciudad Perdida.