Elin Ørjasæter

norsk forfattar

Elin Ørjasæter (fødd 25. februar 1962) er ein norsk kommentator, forfattar, akademikar, redaktør og tidlegare hovudjeger.

Elin Ørjasæter

StatsborgarskapNoreg
Fødd25. februar 1962 (62 år)
Bærum kommune
Yrkejournalist, forretningsdrivande, foredragsholder, dosent, forfattar
Språknorsk
FarJo Ørjasæter
MorTordis Ørjasæter
EktefelleNils Gullak Horvei
Elin Ørjasæter på Commons

Ørjasæter er cand.philol. med hovudfag i økonomisk geografi. Ho har vore informasjonssjef i bank, personaldirektør i Damm forlag (2005–2007), hovudjeger i tre ulike selskap, der ho mellom anna rekrutterte leiarar til Nasjonalmuseet, Nationaltheatret, Oslo Filharmoniske orkester, Nasjonalbiblioteket og Festspillene i Bergen.

Ho vart i 2004 kjend for utsagnet om at kvinner ikkje vert valde som toppleiarar fordi dei ikkje er villige til å ofre alt for jobben, og at dei manglar «killer-instinktet» som ein toppsjef må ha.[1]

Ørjasæter har vore spaltist i økonominettavisa E24. I 2018 var ho redaktør i Arbeidsnytt.[2]

Ho er også førstelektor ved Høyskolen Kristiania.[2]

Ho har gjeve ut to barnebøker, i tillegg til Lederboka, hodejegerens beste tips som kom ut på Cappelen hausten 2008.

Ørjasæter er gift med den skjønnlitterære forfattaren Nils Gullak Horvei.

Kjelder

Bakgrunnsstoff