Eufemia

kvinnenamn

Eufemia eller Euphemia (gresk ευφημία) er eit kvinnenamn av gresk opphav sett saman av ευ, 'god' og φημί 'tale'.

Robert II av Skottland og ektemaken Eufemia de Ross avbilda i 1562 for Maria Stuart.

Eufemia er eit helgennamn og har namnedag den 16. september i Danmark. Det var namnet til fleire dronningar i mellomalderen. Ei av dei, den norske dronninga Eufemia av Arnstein, stod bak omsetjinga av Eufemiavisene, som derfor ber dette namnet. Euphêmê (gresk Ευφημη) eller Euphêmia var også namnet på ein gratie i gresk mytologi.

Kortnamna Effie og Femie/Phemie er engelske kjæleformer av Eufemia.

Kjende namneberarar

  • Heilage Eufemia (d. 300-åra), kristen helgen frå Bysantium
  • Keisarinne Eufemia (d. 520-åra), opphavleg Lupicina, gift med Justinus I av Austromarriket
  • Eufemia av Kiev (d. 1139), ungarsk dronning
  • Eufemia av Arnstein (ca. 1270), norsk dronning gift med Håkon V Magnusson
  • Eufemia av Pommern (d. 1330), dansk dronning gift med Kristoffer II av Danmark
  • Eufemia Eriksdotter (1317-ca. 1370), hertuginne av Mecklenburg og Schwerin
  • Eufemia de Ross (d. 1386), skotsk dronning gift med Robert II av Skottland

Annan bruk

Kjelder