Finn Cole

Finlay Lewis J. Cole (fødd 9. november 1995) er ein britisk skodespelar. Han er kjend for rollene sine som Michael Gray i Peaky Blinders og Joshua «J» Cody i Animal Kingdom.

Finn Cole
Fødd9. november 1995 (28 år)
FødestadLondon
FødenamnFinlay Lewis Cole
Aktive år2012–
Verka somskodespelar, filmskodespelar

Liv og virke

Cole er fødd i Kingston i London, og voks opp i Sørvest-London som den fjerde av fem brør. Han blei med i National Youth Theatre som syttenåring. Eldstebroren hans, Joe, er også skodespelar, og dei hadde roller som syskenbarna John Shelby og Michael Gray i Peaky Blinders.[1]

Peaky Blinders var den fyrste profesjonelle rolla til Cole, og han fekk høyra om serien gjennom den eldre bror sin.[2] I 2015 opptredde han som Eric Birling An Inspector Calls regissert av Helen Edmundson for BBC One.[3]

Roller

Filmar
ÅrTittelRolleMerknad
2012OffenderRiot BoyStatist
2018Slaughterhouse RulezDon Wallace
2019DreamlandEugene Evans
2020Here Are the Young MenJoseph Kearney
2021F9Jakob Toretto (young)
Fjernsynsroller
ÅrTittelRolleMerknad
2014–2022Peaky BlindersMichael Gray
2015An Inspector CallsEric BirlingFjernsynsfilm
2015LewisOllie Tedman2 episodar
2016–2022Animal KingdomJoshua «J» Cody

Kjelder

Bakgrunnsstoff