Inger Aufles

Inger Reidun Aufles (fødd 29. mai 1941), fødd Døving, er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Ho vaks opp i Valldal der far hennar var kjend som ein dugande skiløpar med ei rad kretsmesterskap. Aufles representerte Kjærstad IL frå Mosjøen, dit ho flytte i 1961 og byrja å trene systematisk.[1] Ho vann tre olympiske medaljar:

  • Gull på 3 x 5 km stafett og bronse på 10 km i Vinter-OL i Grenoble i 1968
  • Bronse på 3 x 5 km stafett i Vinter-OL i Sapporo i 1972
Inger Aufles


StatsborgarskapNoreg
Fødd29. mai 1941 (83 år)
Valldal
Idrettlangrenn
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968

Utmerkingar

Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Aufles har og ei sølvmedalje i stafett frå Ski-VM i Oslo i 1966.

I 1969 fekk ho, som den første kvinna, kongepokalen i langrenn, for sigeren på 5 km under NM i Alvdal. Ho vart og Noregsmeister på 10 km i 1968. Det året vart ho kåra til beste kvinnelege idrettsutøvaren i Noreg.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Ymse

Inger Aufles' veg på Andås i Vefsn er oppkalla etter henne.

Berit Mørdre (på gullstol), Ingrid Wigernæs (til høgre) og Inger Aufles, VM i Oslo 1966.

Kjelder

  • Astor Furseh: Skispor i Valldal gav OL-gull, i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000.

«Inger_Aufles» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff