Inverted Jenny

Inverted Jenny, 'opp-ned-Jenny' eller 'omvende Jenny', er eit amerikansk frimerke utgjeve første gong den 10. mai 1918. På dette frimerket er biletet av Curtiss JN-4 «Jenny» attgjeve i midten av frimerket trykt opp-ned. Dette er truleg den mest kjende feilen i amerikansk filateli. Berre eitt ark med 100 av det omvende frimerket er nokon gong funne, noko som gjer dette feiltrykket til eit av dei mest verdifulle i filatelien si historie. I desember 2007 vart eit postfriskt eksemplar selt for 825 000 dollar.[1]

Inverted Jenny

Kjelder

Bakgrunnsstoff