Jevnaker Idrettsforening

(Omdirigert frå Jevnaker IF)

Jevnaker Idrettsforening er eit idrettslag på Jevnaker i Viken fylke. Laget har størst aktivitet i avdelingane med fotball og skeiser, driv elles med langrenn og turn. Jevnaker stadion vart opna i 1974. Stadionanlegget omfattar skeisebane, grasbane, kunststoffbane og fem mindre fotballbaner.

Jevnaker Idrettsforening
Skipa1. juni 1911
HeimebaneJevnaker stadion
Liga3. divisjon fotball for herrar
LandNoreg
ByJevnaker
StadJevnaker kommune
Heimedrakt
Bortedrakt

Jevnaker Idrettsforening reknar 1. juni 1911 som stiftingsdato, dagen for skipinga av Hadeland Glassverks Turnforening. Det sistnemnde var det eldste av fleire lokale lag som slo seg saman i fleire trinn gjennom 1920-åra.

Fotball

Laget innvigde i 1934 si fyrste grasbane på Haugerstranda. Både i 1937 og 1949 spelte Jevnaker seg til kvartfinalane i noregsmeisterskapen, der laget vart slått ut av osloklubbane høvesvis Lyn og Vålerengen IF.

Åra 1994-96 deltok Jevnaker på nivå to i det norske seriesystemet. Omlegging av seriesystemet frå to til ei divisjonsavdeling gjorde at sjuandeplassen i 1996 førte til nedrykk.

I 2015 spelte Jevnaker på nivå fire i norsk fotball. Den tidlegare landslagsspelaren Erik Hagen var tilbake på laget frå ein rundtur som omfatta spel for mellom andre Vålerenga IF og Zenit St. Petersburg i Russland.

Skeiser

Den seinare olympiameisteren Ivar Ballangrud var medlem av Jevnaker IF til 1924. På 1950-talet var Sverre Haugli ein av dei beste skeiserennarane i Noreg, og barnebarnet Maren Haugli vart norsk allroundmeister to gongar på 2000-talet.

Lagsprofilar

Kjelder