Johannes Harviken

Johannes Harviken (fødd 6. april 1943 i Hernes i Elverum) er ein norsk tidlegare langrennar og snikkar. Han vann bronsemedaljen på 30 km under OL i Sapporo 1972 og gjekk i same meisterskapen sisteetappen på det norske stafettlaget (4x10 km) som kom på sølvplass. Harviken vart norgesmeister individuelt ein gong (30 km i 1970), og ein gong i stafett (1967). Han tevla i alle år for Hernes IL og bur i Hernes.

Johannes Harviken


StatsborgarskapNoreg
Fødd6. april 1943 (81 år)
Elverum
Idrettlangrenn, skiidrett
Tok del i

Vinter-OL 1972

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1967: Nr 8 på femmila i Lahti.
  • 1968: Nr 5 på femmila i Holmenkollen.
  • 1969: Nr 2 på femmila i Holmenkollen.
  • 1971: Nr 11 på femmila i Holmenkollen (med den klassiske sluttida 3.33.33).
  • 1972: Bronsemedalje på tremila under olympiameisterskapen i Sapporo.
  • 1974: Nr 11 på femmila i Holmenkollen.
  • 1975: Nr 11 på femmila i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

I 1967 vart han norgesmeister i 3 x 10 kilometer stafett for Hernes IL.

Ymse

Harviken vart rekna som stilløparen av dei samtidige langrennarane, særleg beundra for sin sikre diagonalgang. Han vert elles hugsa for sitt fall under innspurten på sisteetappen i OL i 1972, eit fall som la vegen open for Sovjets ankermann Vjatsjeslav Vedenin.

Kjelde

  • Sportsboken, aktuelle årgangar