Kikli

Kikli (panjabi ਕਿੱਕਲੀ) er ein panjabisk folkedans for kvinner som er utbreidd blant panjabiarar i India og Pakistan.[1] Han blir utført av eit eller fleire par jenter som held hender, lener seg bakover og snurrar rundt i ein sirkel.[2][3]

Kiklidansing

Dansen eller leiken er særleg populær blant unge jenter.[4][5] Kikli er ein energisk dans med raske rytmar. Ofte blir tradisjonelle rim sungne til han.[6]Andre kvinner kan synga og klappa til dansen, og oppmuntra dei til å snurra fortare.[2]

Galleri

Sjå òg

Kjelder