Levanzo

Levanzo er den minste av dei tre egadiske øyane i Middelhavet vest for Sicilia i Italia. Ho er ein del av kommunen Favignana, som er naboøya.

Levanzo
Hamna på Levanzo
Hamna på Levanzo
Geografi
StadMiddelhavet
Koordinatar38°00′N 12°26′E / 38.000°N 12.433°E / 38.000; 12.433
ØygruppeDei egadiske øyane

Areal5,82 km²

Høgaste punktPizzo Monaco (278 moh.)

Administrasjon
LandItalia
Region
Provins
Sicilia
Trapani

Demografi
Folketal450
Folketettleik77 /km²

Levanzo har eit areal på 5,82 km² . Det høgaste punktet på øya er Pizzo Monaco med ei høgd på 278 meter over havet. Øya har om lag 450 innbyggjarar, og dei fleste av dei bur rundt den vetle hamna, som er nokså lite verna frå stormar.

Det antikke namnet på øya var Phorbantia, som er ein planteart som veks her.

Levanzo er kjend for Grotta del Genovese, ei grotte med holemåleri frå om lag 10 000 år sidan.

Kjelder