Nykøbing Mors

Nykøbing Mors er ein by og tidlegare kjøpstad på øya Mors i Limfjorden i Danmark. Med 9 040 innbyggjarar i 2013 er han den største byen på øya. Nykøbing Mors er administrasjonssenter i Morsø kommune og høyrer til Region Nordjylland.

Nykøbing Mors
Nykøbing Mors sett frå hamna med Sankt Clemens kyrkje i bakgrunn. Foto: Hubertus45
Nykøbing Mors sett frå hamna med Sankt Clemens kyrkje i bakgrunn.
Foto: Hubertus45
Nykøbing Mors sett frå hamna med Sankt Clemens kyrkje i bakgrunn.
Foto: Hubertus45
Byvåpenet til Nykøbing Mors
Byvåpenet til Nykøbing Mors
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Nordjylland
Morsø kommune
Grunnlagd1200-talet
BorgarmeisterHans Ejner Bertelsen V (2014-2017)[1]
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2013)

9 040[2]
Koordinatar56°47′44″N 8°51′29″E / 56.79556°N 8.85806°E / 56.79556; 8.85806
Høgd over havet5 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside

Byen er omtala første gong i 1299 som Nova Civitas og kjøpstadsrettane er rekna frå dette året.[3][4] I Nykøbing ligg bygningane frå det tidlegare Dueholm kloster, eit johanitterkloster byen oppstod kring. Dei nyttast no av Morslands Historiske Museum.

I Nykøbing Mors har levevegen vore fiske etter østers, skipsfart og seinare industri med mellom anna eit jarnstøperi.[4]

Forfattaren Aksel Sandemose vart fødd i Nykøbing Mors og byen er inspirasjonsstad for Janteloven. Det er satt opp ei minneplate på huset han vaks opp i.[4]

Kjelder