Songen The Number of the Beast

The Number of the Beast
av Iron Maiden
frå albumet The Number of the Beast
B-side

1982
«Remember Tomorrow» (live)
2005 CD
«The Number of the Beast» (live)
«Hallowed Be Thy Name» (live)
2005 7«
«The Number of the Beast» (live)
2005 12«
«The Number of the Beast» (live)
«Remember Tomorrow»

Språkengelsk
Utgjeve26 April 1982
3 January 2005
Innspelt1981
SjangerHeavy metal
Lengd4:49
SelskapEMI
KomponistSteve Harris
TekstforfattarSteve Harris
Låtskrivar(ar)Steve Harris
ProdusentMartin Birch
Iron Maiden-kronologi 
«Run to the Hills»
(1982)
The Number of the Beast«Flight of Icarus»
(1983)
-kronologi
«Rainmaker»
(2003)
The Number of the Beast«The Trooper» (live)
(2006)


«The Number of the Beast» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den sjuande singelen til Iron Maiden, og den andre singelen frå studioalbumet med same namn frå 1982. Han vart gjeven ut på singel på ny i 2005.

Då songen kom ut i 1982 skapte han kontroversar i USA, der det religiøse temaet skapte raseri i religiøse grupper. Trass i dette er det ein av dei meir populære songane til bandet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista og han har bltit spelt på nesten alle turneane deira. I tillegg har songen blitt spelt av mange andre artistar og har blitt nytta i mange videospel og filmar.

Låtskriving og innspeling

I følgje låtskrivaren og bassisten Steve Harris vart han inspirert av eit mareritt han hadde etter å ha sett filmen Damien: Omen II,[1] i tillegg til diktet Tam o' Shanter av Robert Burns.[2]

Songen opnar med ein talt intro, lesen av den engelske skodespelaren Barry Clayton,[3] som siterer Johannes' openberring 12:12 og 13:18. I følgje vokalisten Bruce Dickinson spurte bandet opphavleg Vincent Price om å lese introen, men valde å gå for Clayton etter at Price nekta å gjere det for mindre enn 25 000 pund.[4]

Songen er kjend for det særs lange, lyse skriket mot slutten av introen, som AllMusic har kalla «det mest hårreisande skriket til Dickinson på plate».[5] I dokumentarfilmen Classic Albums, basert på The Number of the Beast, sa Dickinson at det kom fordi han var frustrert av produsenten Martin Birch, som tvang han til å syngje introen om att og om att, time etter time.[2]

Detaljar

Plateomslaget til singelen er den siste av tre singlar der Riggs teikna Satan, som først dukka opp på omslaget til singelen «Purgatory». Omslaget til The Number of the Beast er etterverknaden til omslaget til «Run to the Hills» der ein ser Eddie og Satan i eit slag. Singelen var òg gjeven ut på raud vinyl.

Konsertversjonen av «Remember Tomorrow» vart spelt inn under Killer-turneen i Padova i Italia den 29. oktober 1981 med Bruce Dickinson på vokal.[6] Dickinson hadde sunge live for første gongen med Iron Maidel berre tre konsertar tidlegare, den 26. oktober i Bologna, ein og ein halv månad etter den førre vokalisten Paul Di'Anno.[7] Det var òg den siste singelen med Clive Burr på trommer, då han vart erstatta av Nicko McBrain mot slutten av The Beast on the Road-turneen i 1982.[8]

I 2005 vart «The Number of the Beast» gjeve ut på ny i samband med DVD-filmen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days, i lag med konsertversjonar av songen og «Hallowed Be Thy Name», spelt inn i 2002.[9]

Ettermæle

«The Number of the Beast» er ein av dei mest populære songane til bandet, og vart plassert på sjuandeplassen på lista til VH1 over dei 40 beste metal-songane[10] og sjetteplassen i boka til Martin Popoff kalla «The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time», ei liste som vart sett saman etter stemmer frå 15 000 musikarar, musikkjournalistar og publikum.[11]

Songen har sidan blitt spelt av Avulsed,[12] Iced Earth,[13] Sinergy,[14] Powderfinger,[15] Djali Zwan (med ein versjon som vart nytta i filmen Spun]]),[16] The Iron Maidens[17] og mange andre band. I tillegg vart han spelt av The String Quartet Tribute.[18]

Songen er blitt nytta i videospel som Tony Hawk's Pro Skater 4,[19] Guitar Hero III: Legends of Rock,[20] og kan lastast ned til Rock Band-serien.[21] Songen vart nytta i filmen Murder by Numbers.[22]

Kontrovers

I tillegg til plateomslaget og tittelen, vart songen eit mål for religiøse grupper i USA som skulda Iron Maiden for å vere ei satanistisk gruppe.[5][23] Kontroversen førte til at albuma deira vart brende og fleire demonstrasjonar under turneen deira i 1982,[2][23] sjølv om dette berre gav bandet meir publisitet.[5][24] Steve Harris har sidan kommentert at desse skuldingane var «galskap. Dei misforstod totalt. Dei hadde tydelegvis ikkje lese teksten. Dei berre ønskte å tru alt det tøvet om at me var satanistar».[25]

På det neste albumet deira, Piece of Mind, plasserte bandet ei skjult, baklengs melding i byrjinga av songen «Still Life», der trommeslagaren i Nicko McBrain, parodierer ein full Idi Amin.[26] I følgje McBrain sa han «Don't meddle wid t'ings yo don't understand», og dette var retta mot dei som meinte Iron Maiden var djeveldyrkarar, og sa «Me tenkte at om folk skal vere så toskete om dette her, så kan me like gjerne gje dei noko å vere toskete for.»[26]

På toppen av skuldingane av satanisme, vart Eddie redigert bort frå musikkvideoen til «The Number of the Beast» etter han først vart vist på MTV, etter klagar frå redde sjåarar.[27]

Innhald

1982 7" britisk singel (EMI 5287)

1990 CD-singel

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast»Steve Harris4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Remember Tomorrow» (live in Padua, Italy, 29 October 1981)Harris, Paul Di'Anno5:26

2005 utvida CD (EMS 666)

CD
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast»Harris4:53
2.«The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002)Harris4:48
3.«Hallowed Be Thy Name» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002)Harris7:39
4.«The Number of the Beast» (VIDEO)Harris 
5.«The Number of the Beast» (VIDEO - konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002)Harris4:48

2005 7" raud vinyl (EM 666)

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast»Harris4:49
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002)Harris4:48

2005 12" biletplate (12EM 666)

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast»Harris4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002)Harris4:48
2.«Remember Tomorrow»Harris, Di'Anno5:26

Medverkande

Frå 7"-omslaget[28] og nyare utgåver.[29]

Iron Maiden
Produksjon

Lister

SingelListe (1982)PlasseringAlbum
«The Number of the Beast»UK Singles Chart18[30]The Number of the Beast
Irish Singles Chart19[31]
SingelListe (1990)PlasseringAlbum
«Run to the Hills / The Number of the Beast»UK Albums Chart[merk 1]3[32]
SingelListe (2005)PlasseringAlbum
«The Number of the Beast»[merk 2]Den finske singellista2[33]
Den franske singellista78[34]
Den tyske singellista76[35]
Irish Singles Chart11[36]
Den italienske singellista5[37]
VG-lista i Noreg13[38]
Sverigetopplistan40[39]
Den sveitisiske singellista42[40]
UK Singles Chart3[30]

Fotnotar

Kjelder