Stay av Monika Linkytė

«Stay»
Song av Monika Linkytė

LandLitauen
SpråkEngelsk, litauisk
Utgjeve14. februar 2023
SjangerRock
Lengd02:57
SelskapCreative Industries
KomponistMonika Linkytė
TekstforfattarMonika Linkytė
Låtskrivar(ar)Monika Linkytė, Krists Indrišonoks, Jānis Jačmenkins

«Stay», også kjend som «Stay – Čiūto tūto», er ein song med den litauiske songaren Monika Linkytė. Songen blei gjeven ut 14. februar 2023, men blei fyrste gong framført 28. januar 2023 under songtevlinga Pabandom iš naujo! 2023. «Stay» vann tevlinga og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen

I ei pressemelding frå den litauiske kringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) fortalde Linkytė at ho skreiv songen saman med den latviske musikaren Chris Noah (fødd Krists Indrišonoks) under ein ikkje-planlagt låtskrivar-økt. Ho ønskte å skrive ein sang om kor viktig det er å «stoppe opp og vende tilbake til seg sjølv». Nokre av verselinjene i songen relaterer til litauiske folke-sutraar der ein snakkar om å lytte til sitt eige hjarte.[1]

«Stay» var eit av bidraga i den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo! 2023 (Vi prøver på nytt! 2023), der vinnaren fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest. I finalen 19. februar fekk «Stay» flest poeng og vann med det retten til å representere Litauen.[2]

Litauen deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Stay» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3][4] I finalen kom låten på ellevteplass med 127 poeng.[5]

Listeplasseringar

Liste (2023)Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[6]5
UK Download (Official Charts Company)[7]45

Kjelder