Together av Golden Earring

Together av Golden Earring
Studioalbum av Golden Earring
Språkengelsk
UtgjeveJuni 1972
Innspelt1. til 15. mars 1972
StudioIsland Studios i London
SjangerHardrock
Lengd39:10
SelskapPolydor
ProdusentFred Haayen
Golden Earring-kronologi 
Seven Tears
(1971)
Together av Golden EarringMoontan
(1973)


Together er det åttande studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut i 1972. Albumet kom ikkje ut i USA, men nådde femteplassen på den nederlandske albumlista.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Albumet vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av dei to første vekene av mars 1972.

Mottaking

Allmusic skreiv om albumet: «Together representerer eit viktig steg framover for Golden Earring. I motsetnad til dei tidlegare utgjevingane deira er ikkje songane her anten rein rock eller progressiv, men i staden er det vanskeleg å sjå skiljelinjene mellom kvar sjanger, som gjev songane sin eigen unike smak. Arrangementa er stramme og vanlegvis er det meir enn eit fengjande hook. Resultatet er det første verkeleg konsistente albumet deira. Det negative med Together er at sjølv om songane alle er solide og arrangementa er interessante, er dei noko mindre eventyrlystne enn på tidlegare album. Resultatet er at songane aldri klarar å nå dei maniske høgdene til tidlegare klassikarar.»[1]

Innhald

Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«All Day Watcher»4:49
2.«Avalanche of Love»4:14
3.«Cruisin' Southern Germany» (Hay)3:00
4.«Brother Wind»7:54
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Buddy Joe»3:48
6.«Jangalene»5:08
7.«From Heaven from Hell»6:06
8.«Thousand Feet Below You»4:11

Medverkande

Production

  • Produsent: Fred Haayen
  • Lydteknikar: Frank Owen
  • Mastering: Hans Brethouwer
  • Fotografi: Frits Van Swoll

Kjelder