Rembrandt Harmenszoon van Rijn (15. juli1606–4. oktober1669) var ein nederlandskmålar, teiknar og grafikar. Han blir rekna som ein av dei mest sentrale målarane i barokken og den viktigaste nederlandske målaren på 1600-talet. Ved sida av at han er kjent for dei mange måleria sine, var han òg ein særs dyktig teiknar og grafikar. Rembrandt levde og virka i ein periode som historikarar kallar den hollandske gullalderen, ein periode som stort sett var på 1600-talet. I denne perioden nådde kulturen, vitskapen, handelen, den militære styrken og dei politiske innverknadane i Nederland eit høgdepunkt.