På ei høgd over byen ruvar ruinane etter ei gamal borg frå mellomalderen. Under forfølgjinga av hugenottane på 1500-talet vart borga i stor grad øydelagd, og ho vart delvis rivd ned under den franske revolusjonen.
I 1429 var borga åstad for eit møte mellom Jeanne d'Arc og Karl VII av Frankrike. Borga er i dag delvis renovert og ein stor turistattraksjon. I dei seinare år er byen òg kjend for vinen som vert produsert her, og som vert rekna for ein av dei beste i Frankrike.