Netiporn Sanesangkhom

Netiporn Sanesangkhom (thai เนติพร เสน่ห์สังคม, fødd 8. august 1995, død 14. mai 2024[treng kjelde]) er ein framståande thailandsk demokratiaktivist. Ho var elev ved Triam Udom Suksa vidaregåande skule i Bangkok, der ho var medlem av elevrådet.[1] Ho er medlem av den thailandske kvinneaktivistgruppa Taluwang, og vart dømt til fengsel for majestetsfornærming for å ha gjennomført ei meiningsmåling på kjøpesenteret Siam Paragon under demonstrasjonane i Thailand den 8. februar 2022. Ho byrja då ein sveltestreik i fengselet saman med medaktivist Nutthanit Duangmusit i protest mot å ha vorte varetektsfengsla, og kollapsa under eit vitneavhøyr på grunn av sterke magesmerter og trøyttleik.[2][3] Ho vart likevel nekta kausjon trass i å ha vorte send til sjukehus etter å ha sveltestreika i nesten 50 dagar.[4]

Ho vart lauslaten mot kausjon den 4. august 2022,[5] men den 31. januar 2024 vart likevel kausjonen hennar trekt tilbake, og ho vart arrestert. Samtidig vart også Thailands yngste dømde person for majestetsfornærming arrestert, ei då 14 år gammal jente med kallenamnet «Yok», som Netiporn var støttespelar for.[6][7] Ifølgje straffedomstolen vart ho dømd for å ha brote vilkåra for kausjonen då ho deltok i ein demonstrasjon ved det thailandske kulturdepartementet den 6. august 2023.

Netiporn byrja ifølgje Thai Lawyers for Human Rights ein ny sveltestreik i fengselet den 27. januar 2024.[8] Ho vart send til fengselssjukehuset tysdag 8. februar, den 11. dagen av sveltestreiken, Ho hadde symptom på hepatitt og urinvegsinfeksjon, og var for svak til å gå.[treng kjelde] Den 26. februar 2024 vart ho på ny sende til fengselssjukehuset etter å ha hosta blod i tre dagar. Ho gav då for første gong samtykke til avgrensa behandling i og med at ho hadde hosta opp mykje blod. Ho vart behandla intravenøst med brekkingsdempande og syrenøytraliserande medisinar.[9] Ei oppdatering frå Thai Lawyers for Human Rights den 29. februar 2024 melde at ho heldt fram med å kasta opp blod. Blodet vart lysare og lysare for kvar dag. Ho hadde sterke magesmerter, kunne knapt gå, og hadde problem med å skilje drøymar frå røyndom.[10][11]

Netiporn døydde ifølgje den thailandske avisa Matichon, og dessutan ei fråsegn gitt av medaktivisten Nutthanit Duangmusit og fleire, klokka 11:22 om morgonen den 14. mai 2024.[12][13] Ifølgje den thailandske nettavisa Khaosod Online døydde ho av hjartestans, og vart freista gjenoppliva med hjarte- og lungeredning.[14]

Kjelder