Euskirchen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 55 000 innbyggjarar. Han er administrasjonssete i kreisen med same namn og ligg ved elva Erft.
Sjølv om Euskirchen i dag er ein moderne handelsby, har han ei historie som går 700 år tilbake i tid, og fekk bystatus i 1302.
Delar av den gamle bymuren og tre av forsvarstårna står framleis. Mange turistar kjem til Euskirchen sidan han ligg nær dei to storbyane Köln og Bonn, som ligg nordaust for byen. I sør ligg åslandskapet Eifel.