Martín Fiz | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 3. mars 1963 (61 år) Vitoria-Gasteiz |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Lan Onari, Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje, Vitoria-gullmedaljen |
Martín Fiz Martín (fødd 3. mars 1963) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Vitoria-Gasteiz som i 1994 vart europameister i maratonløping og året etter vart verdsmeister på same distansen.
Fiz tok gullmedaljen på maraton under EM 1994 i Helsinki, og fekk med seg to landsmenn på sigerspallen. Våren etter sigra han i Rotterdam maraton, før han i august vann gullet då VM 1995 fann stad i Göteborg.
Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 vart Fiz nummer fire på maratondistansen, godt over halvminuttet bak dei tre som kjempa om medaljane til heilt inn på OL-stadion. Året etter tok han sølvmedaljen i maraton ved verdsmeisterskapen 1997 i Aten, fem små sekundar bak landsmannen Abel Antón.