Smithsonitt eller sinkspat, tidlegare calamin, er eit kvitt eller svakt farga mineral som består av sinkkarbonat, ZnCO3. Det tilhøyrer kalsittgruppa (isomorfi). Det vert danna sekundært etter sfaleritt. Det vert utvunne som sinkmalm mellom anna i Mexico og USA. Det er sjeldan i Noreg.
Smithsonitt vart identifisert med hemimorfitt før ein forstod at dei var to eigne mineral. Dei to minerala liknar mykje på kvarandre og namnet kalamin er brukt om begge, noko som har ført til forvirring. Smithsonitt vart namngjeven i 1832 av François Sulpice Beudant etter den engelske kjemikaren og mineralogen James Smithson (ca. 1765–1829), som oppretta Smithsonian Institution og som først identifiserte mineralet i 1802.[2][4]