Árta

Árta
Lokalt namn Άρτα

Den gamle brua i Árta
Geografi
StadÍpiros
Koordinatar38°09′28″N 20°59′12″E / 38.15778°N 20.98667°E / 38.15778; 20.98667
Areal436,8 km²

Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Ípiros
Árta
HovudseteÁrta (21 798 innb.)
Demografi
Folketal41 600 (2021[1])
Folketettleik95,2 /km²

Árta (gresk Άρτα) er ein by og ein kommune i periferieininga med same namn i Ípiros nordvest i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga. Byen vart i antikken kalla Amvrakía (gresk Αμβρακία). Árta er kjend for den gamle brua over elva Árakhthos, som ligg vest for sentrum. Árta har òg mange ruinar frå antikken og eit gamalt slott frå 1200-talet, eit av dei best bevarte i Hellas. Den rike austromerske historia kan ein òg sjå av dei mange austromerske kyrkjene som ligg her. Den mest kjende av desse er kanskje Panajía Parigorítissa, bygd kring 1290 av despoten Nikeforos.

Árta ligg ved Ártabukta som er kalla opp etter byen.

Historie

Det oppstod ein busetnad her omkring 800-talet fvt. og Amvrakía vart grunnlagd av korintarane på 600-talet fvt.

I 295 fvt. gjorde Pyrrhus av Ipiros, konge over molossarane, Amvrakía til hovudstad i kongedømet sitt. Han nytta byen som base då han gjekk til åtak på romarane. Pyrrhus vann store, men dyrekjøpte, sigrar mot romarane og vart kjend for uttrykket «pyrrhussiger», som referer til ei utveksling under slaget ved Asculum. I 146 fvt. vart Amvrakía ein del av Romarriket og provinsen Ípiros vart gjeve namnet Epirus Vetus, for å skilje han frå Epirus Nova i aust. Byen er ikkje nemnd under namnet Árta før 1082.

I 1204, etter Konstantinopel sitt fall under det fjerde krosstoget, vart han hovudstad i despotatet Ipiros. Despotatet strekte seg opp til Dyrrahio og inkluderte heile det nordvestlege Hellas, Thessalía og dei nordvestlege områda av Gresk Makedonia. Grunnleggaren var Mikael I Aggelos Komninos Doukas (1205-1215), ein slektning av den austromerske keisarfamilien Komninos. Etter korte periodar under dynastiet til italienarane Orsini (1318-1337), albanske klanar (1359-1416) og italienske herskarar (Carlo II Tocco, Leonardo III Tocco), erobra Det osmanske riket byen i 1449. Byen vart frigjeve frå osmanarane og annektert av Hellas i 1881 etter Berlintraktaten.

Administrativ inndeling

Den tidlegare kommunen Árta, no kommunaleininga Árta

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 41 600 innbyggjarar, medan kommunaleininga Árta hadde 26 999 og tettstaden med same namn 21 798 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

TettstadKommunaleiningFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
ÁrtaÁrta21 89521 798
KostakiíÁrta2 0782 020
KhalkiádesFilothéi1 2841 330
GrammenítsaVlakhérna1 2581 206
Ájos SpyrídonasFilothéi971979
EleoúsaÁrta1 093973
AnézaAmvrakikós1 111946
KalamiáFilothéi1 018934
KambíXirovoúni928849
Áji AnárjyriÁrta756750
RókkaFilothéi613564
AmmótoposXirovoúni618534
RákhiAmvrakikós574490
KalóvatosFilothéi589487

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff