Île des Pingouins

Île des Pingouins (Pingvinøya) er ei aude øy i dei subantarktiske Crozetøyane sør i Indiahavet. Med eit areal på berre 3 km² er ho ei av dei minste øyane i gruppa. Administrativt høyrer øya til Dei franske sørterritoria. Ho er ein viktig hekkestad for sjøfuglar.

Île des Pingouins
øy
Teikning av øya frå 1874 av dr. Ladislaus Weinek.
Land Frankrike
ØygruppeCrozetøyane
Del avCrozetøyane
StadDet sørlege Indiahavet
 - koordinatar46°25′S 50°24′E / 46.417°S 50.400°E / -46.417; 50.400
Høgaste punktMont des Manchots
 - høgd340 moh.
Lengdkm
Arealkm²
Folketal Ingen
Kart
Île des Pingouins
46°25′01″S 50°24′10″E / 46.416944444444°S 50.402777777778°E / -46.416944444444; 50.402777777778
Kart over øya
Kart over øya
Kart over øya
Wikimedia Commons: Île des Pingouins

Skildring

Île des Pingouins ligg vest i øygruppa der ho er den sørlegaste øya, kring 30 km søraust for Île aux Cochons og 95 km vest-sørvest for Île de la Possession. Ho er lita og mykje erodert av sjøen, med bratte sider. Ho er 4 km lang og 1 km brei. Dei omliggande kystklippene er frå 50 m til 300 m høge og er i røynda umogeleg å nå frå sjøen og sjeldan vitja. Ho har ingen innførte dyreartar og har eit heller urørt plante- og dyreliv samanlikna med dei andre øyane i øygruppa.[1]

Viktig fugleområde

Minst 29 fugleartar hekkar på øya, som av BirdLife International har fått status som viktig fugleområde (IBA). Ho har særs høg tettleik av sjøfuglar, inkludert ein million par gulltoppingvinar, 300 par svartbrynalbatrossar, fire par sølvhovudalbatrossar (som er den einaste hekkstaden deira i Indiahavet) og 30 par gråalbatrossar, samt fleire tusen par med marionkvalfugl og kvithakepetrell. Andre fuglar som hekkar i forholdsvis store tal er mellom andre vandrealbatross, sotalbatross, gråhovudalbatross og indisk gulnebbalbatross, nordkjempepetrell, blåpetrell og kergulenpetrell og smalnebbdukkpetrell. I mindre grad finn ein òg kerguelenterne og blåaugd skrav.[1]

Sjå òg

Kjelder