Afrikaskjeggfuglfamilien

fuglefamilie
Afrikaskjeggfuglfamilien
Termittperleskjeggfugl Trachyphonus erythrocephalus Foto: Ikiwaner
Termittperleskjeggfugl
Trachyphonus erythrocephalus
Foto: Ikiwaner
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Underklasse:Neognathae
Overorden:Coraciimorphae
Orden:Spettefuglar Piciformes
Familie:Afrikaskjeggfuglfamilien Lybiidae

Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlar skjeggfuglar i Afrika. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid.[1] Det er i alt 42 artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.

Skildring og økologi

Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.

Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.

Detaljar omkring hekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.

Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.

Taksonomi

Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.

Artslista

Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii
Foto: Jenny Varley
Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis
Foto: Dick Daniels

Afrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Afrikaskjeggfuglfamilien