Are You Ready for Love

Are You Ready for Love
Singel av Elton John
frå albumet The Thom Bell Sessions
B-side

«Three Way Love Affair»

Utgjeve1979, 2003
Innspelt1977
SjangerPop, rock
SelskapSouthern Fried (UK)
Universal Records
Ultra Records
Låtskrivar(ar)Thom Bell, LeRoy Bell, Casey James
Elton John-kronologi 
«Sorry Seems to Be the Hardest Word»
(2002)
Are You Ready for Love«Heart of Every Girl»
(2004)


«Are You Ready for Love» er ein song av Elton John i 1977, og vart først gjeven ut i Storbritannia i 1979 på EPen The Thom Bell Sessions. Songen var skriven av Leroy Bell, Thom Bell og Casey James, og vart produsert i Philadelphia av Thom Bell. Medan songen «Mama Can't Buy You Love» frå den same EPen nådde listene i 1979, selde denne singelen berre middels.

I 2003 vart songen remiksa av Ashley Beedle og gjeven ut som ein 12" vinylsingel[1] og gjekk til topps i Storbritannia då han kom ut etter at songen vart nytta i reklamen for Premier League-sesongen på Sky Sports det året. Singelen vart dermed den femte førsteplassen i Storbritannia.[2]

Salslister

Liste (2003)Plassering
UK Singles Chart[3]1
US Billboard Hot Dance Club Play1

Andre versjonar

Songen vart spelt av The Kooks i lag med Buena Vista Social Club i 2007 på albumet Rhythms del Mundo Classics.

Kjelder

Bakgrunnsstoff