Arthur Jenkins

Arthur Eugene Jenkins jr. (7. desember 193628. januar 2009) var ein USA-amerikansk klaverspelarar, komponist, arrangør og perkusjonist, som arbeidde med mange popikon som John Lennon, Harry Belafonte, Bob Marley og Chaka Khan.

Arthur Jenkins
Fødd7. desember 1936
Død28. januar 2009 (72 år)
OpphavUSA
Instrumentorgel, piano
Verka somdirigent, låtskrivar, songar-låtskrivar, jazzmusikar, pianist, musikar, perkusjonist, klaverspelar, komponist

Jenkins spelte i starten av karrieren i New York på klubben Blue Moracco, der han det første året spelte for songaren Irene Reid og det andre for Nancy Wilson. Dei neste ni åra var han musikalsk leiar for songaren Johnny Nash, mellom anna på hitten «I Can See Clearly Now». Medan han var med Nash reiste Jenkins til Jamaica, der han òg spelt einn musikk med Bob Marley og Peter Tosh.

Jenkins vart ein etterspurt studiomusikar og arrangerte musikk for Harry Belafonte, som han òg både var i studio og på turné med. Han gjorde mykje det same for Patti Austin og Lena Horne.

Jenkins hamna hos Antisia Publishing (der Ralph MacDonald og William Salter var eigarar), og samarbeidde mykje med MacDonald, som førte til fleire hitinnspelingar som «The Hustle» med Van McCoy, «Where Is the Love» med Roberta Flack og Donny Hathaway og «Just The Two of Us» med Grover Washington Jr. og Bill Withers.

Jenkins spelte så med Yoko OnoFeeling the Space og så med John Lennon på han Mind Games og alle seinare Lennon-album.

Jenkins arbeidde òg på Broadway-teater og spelte i populære reklamefilmar for McDonald's, Chemical Bank og andre. Han gav ut to plater med sitt eige materiale, Alone With Arthur og Alone With Arthur Again.

Diskografi

Med Ron Carter

  • Anything Goes (Kudu, 1975)

Med Ronnie Foster

  • Two Headed Freap (Blue Note, 1972)

Med Dizzy Gillespie, Sonny Rollins, Sonny Stitt

  • Sonny Side Up (Verve, 1957)

Med Rahsaan Roland Kirk

  • The Case of the 3 Sided Dream in Audio Color (1975)
  • Other Folks' Music (1976)

Med David «Fathead» Newman

  • Mr. Fathead (Warner Bros., 1976)

Med Bonnie Raitt

Med Marlena Shaw

  • From the Depths of My Soul (1973)

Kjelder