Awalielva

Awali (arabisk نهر الأولي, Nahr al-Awalī) er ei fleirårig elv som flyt i det sørlege Libanon.[1] I antikken vart ho kalla Asclepius. Elva er 48 km lang og spring ut i Baroukfjellet i ei høgd på 1492 meter over havet, og Nihafjellet. Awali har to sideelvar, Barouk og Aaray. Awali vert òg kalla Bisri i den øvre delen. Ho flyt nedover vestsida av Libanonfjella og ut i Middelhavet. Awali har ei middelvassføring på 10,1625 kubikkmeter i sekundet og drenerer eit område som dekkjer 294 kvadratkilometer.[2]

Awali
elv
Land Libanon
Nedslagsfelt294 km²
Lengd48 km
Middelvassføring10,1625 /s
KjeldeBarouk- og Nihafjella i Libanon
MunningMiddelhavet
Kart
Awalielva
33°35′20″N 35°23′10″E / 33.58880306°N 35.38604°E / 33.58880306; 35.38604
Wikimedia Commons: Awali (river)

Kjelder