Bååstede

Bååstede er eit prosjekt som blei starta i 2012 for å tilbakeføra samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til seks samiske museum. Ordet bååstede betyr 'tilbake' på sørsamisk.[1][2]

Tilbakeføringsavtalen

Prosjektet er tufta på ein avtale som blei signert i Sametinget i Karasjok den 19. juni 2012. Avtalen blir på norsk kalla «Tilbakeføringsavtalen for samisk museumsmateriale», og i avtalen forplikta Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo seg til å avlevera samiske museumsgjenstandar til dei seks musea som høyrer inn under Sametinget sitt ansvarsområde. I alt omfatta avtalen plikt til å avlevera om lag 2 000 gjenstandar, det vil seia halvparten av den samiske samlinga som var ved Norsk Folkemuseum. Kulturhistorisk museum hadde i 1951 deponert sin del av denne samlinga ved Folkemuseet.[1]

Dei to musea i Oslo skulle stilla til rådigheit for dei seks samiske musea arkivmateriale som grunnlag for utveljinga av kva gjenstandar dei seks musea såg på som mest aktuelle å få tilbakeført. Deretter skulle ein kommisjon med representantaer frå alle dei involverte partane avgjera kva gjenstandar som skulle avleverast. Avtalen la opp til at tilbakeføringa skulle vera fullført hausten 2017.[1]

Dei seks samiske musea

Etter til Tilbakeføringsavtalen skulle følgjande seks museum vera mottakarar av dei om lag 2000 gjenstandane frå samlinga til Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum:[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff