Freden i Baden
(Omdirigert frå Baden-traktaten)
Freden i Baden var avtalen som enda fiendskapen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket, som hadde vore i krig sidan starten av den spanske arvefølgjekrigen. Han vart signert den 7. september 1714 i Baden i Sveits og utfylte freden i Utrecht og freden i Rastatt der keisar Karl VI aksepterte Utrecht-avtalen på vegner av Habsburgmonarkiet. I Baden-traktaten vart det formelt fred mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket og den siste av dei mange konfliktane som var ein del av den spanske arvefølgjekrigen enda.
- Under avtalen fekk Austerrike Dei sørlege Nederlanda og dei spanske områda i Italia, som Napoli (men ikkje Sicilia), Milano, Mantova og Sardinia.
- Avtalen tillét Frankrike å behalde Alsace, og gav austbreidda av Rhinen (Breisgau) til Austerrike.
- Kurfyrstane i Bayern og Köln vart gjeninnsette i områda og stillingane sine.
- Keisar Karl VI heldt på tittelen konge av Spania og den spanske arva - som i røynda ikkje hadde noko verdi, sidan makta i Spania låg hos kong Filip V av Spania aleine.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideOddvar TorsheimCarles PuigdemontSpesial:SøkGene SimmonsJa, vi elsker dette landetVerdas landTussmørkesvermararSpesial:Siste endringarWikipedia:KontaktNy-CaledoniaDet norske flaggetLora stoppestadDraumkvedetDet norske alfabetetWikipedia:Gode nynorskordWikipedia:OmAndre verdskrigenParadis i BergenKrøllalfaNetiporn SanesangkhomNasjonaldyrRayleeWikipedia:ArbeidskontoretHjelp:InnhaldWikipedia:AtterhaldWikipedia:SamfunnshusetSang til BergenWikipediaBottheim stoppestadNoregLønnPinseHurraDen norske grunnlovsdagenLinn UllmannFil:US-NLM-PubMed-Logo.svgAndre pinsedagIslandske nasjonaldrakter