Beit Liqya

Beit Liqya (arabisk بيت لقيا) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 21 kilometer sørvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 7 710 i 2007.[2]

Beit Liqya
بيت لقيا, Bayt Liqya
kommune
Namneopphav: Likiahuset[1]
Land Dei palestinske territoria
GuvernementRamallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar31°52′09″N 35°04′01″E / 31.86917°N 35.06694°E / 31.86917; 35.06694
Folketal 11 500  (2011)
BorgarmeisterKhaled Badr
Kart
Beit Liqya
31°52′09″N 35°04′01″E / 31.869166666667°N 35.066944444444°E / 31.869166666667; 35.066944444444
Wikimedia Commons: Beit Liqya

Historie

Beit Liqya, vart som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket in1517, og i 1557 vart inntekter frå landsbyen gjeven til ein ny waqf i Hasseki Sultan Imaret i Jerusalem, oppretta av hasseki Hurrem Sultan (Roxelana), kona til Suleiman den store.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han nemnte òg ein wali for ein sjeik Abou Ismail.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Likia som ein «liten landsby langs hovudvegen ved foten av åsane, forsynt av cisterner. Det ligg eldgamle tufter mellom husa.»[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde hadde Beit Leqia eit folketal på 739, alle muslimar,[6] dette auka i folketeljinga i 1931, då Beit Liqya hadde 209 busette hus og eit folketal på 858, framleis alle muslimar.[7]

I 1945 var folketalet 1 040, alle arabarar, medan det samla landarealet var 14 358 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 918 for plantasjar og irrigert land, 6 469 for korn,[9] medan 39 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder

Bakgrunnsstoff