Binærasteroide

Binærasteroidar er asteroidar i par som går i bane rundt eit felles massesentrum, mykje likt dobbeltstjerner.Romsonden Galileo oppdaga at 243 Ida hadde binære eigenskapar då han flaug forbi asteroiden i 1993. Seinare er det oppdaga fleire binære asteroidar og trippelsystem.[1]

Animasjon av binærasteroiden 2017 YE5

Binærasteroidar der begge asteroidane har omtrent same dimensjonar vert også kalla dobbelasteroidar. Eit eksempel 90 Antiope-systemet.

System der den eine lekamen er ein mykje mindre satellitt, har blitt oftare observert i seinare år. Døme på slike system er 22 Kalliope, 45 Eugenia og 107 Camilla. 87 Sylvia har to satellittar.

Nedslagskrater som finst i par, slik som Clearwater Lakes i Canada, er kanskje resultat av at binærasteroidar har slått ned.

Kjelder