Bjarne Støtvig

norsk politikar

Bjarne Støtvig (24. juni 18988. januar 1982) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Botne i Vestfold. Han representerte partiet HøgreStortinget i 1950- og 60-åra.

Bjarne Støtvig
StatsborgarskapNoreg
Fødd24. juni 1898
Botne kommune
Død

8. januar 1982 (83 år)

Yrkepolitikar
Språknorsk
Politisk partiHøgre

Støtvig var son til ein gardbrukar. Frå 1915 til -18 var han butikkekspeditør i Larvik. Deretter gjekk han Treiders handelsgymnas i Oslo, der han tok eksamen i 1920 og så reiste tilbake til ekspeditørjobb i Larvik. Åra 1923-27 arbeidde han som kalkulatør i Moss. Etter vel to år som handelsagent med base i Oslo, slo han i 1930 seg ned i Larvik og dreiv eiga klesforretning i byen fram til 1965.

I over 18 år, 1945-63, var Støtvig med i bystyret i Larvik, perioden 1954-57 sat han også i formannskapet. Valbolken 1950-53 var han stortingsrepresentant frå dei seks kjøpstadene i Vestfold. Då det ved stortingsvalet hausten 1953 var slutt på eigne bykrinsar, lukkast han ikkje å verte vald frå Buskerud fylke. Derimot vann han eit stortingssete for Høgre og Buskerud i 1957, eit sete han beheldt også etter stortingsvalet i 1961. I alle tre stortingsperiodane; 1950-53, 1957-61 og 1961-65, var han formann i Administrasjonskomiteen.

Kjelder