Boarsvineblom

Boarsvineblom
Boarsvineblom
Boarsvineblom
Status
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko
Systematikk
Rike:Planteriket Plantae
Underrekkje:Frøplantar Spermatophytes
Orden:Korgplanteordenen Asterales
Familie:Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie:Asteroideae
Stamme:Senecioneae
Slekt:Svineblom Senecio
Art:Boarsvineblom S. inaequidens
Vitskapleg namn
Senecio inaequidens
DC.

Boarsvineblom (Senecio inaequidens) er ein opptil 60 cm høg plante med gule, prestekrageliknande blomstrar. Han høyrer naturleg heime i høglandet i Sør-Afrika, men veks no også i store delar av Europa.[1]

Boersvineblomen er giftig for dyr og menneske, og beitedyr unngår han til vanleg. Likevel er det meldt om at beitedyr har døydd etter å ha ete planten.

Spreiing til Europa

Boarvineblomen kom til Europa gjennom eksport av saueull. Boarsvineblomen har sidan 1980 spreidd seg massivt på industriområde og langs vegkantar i Tyskland. I 1995 vart planten funnen i Noreg, på eit jarnbanespor i Oslo. Sidan er han påsvist i fleire kommunar, mellom anna på eit industriområde på Lista.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Boarsvineblom