Clayton Zane

australsk fotballspelar

Clayton Zane (fødd 12. juli 1977) er ein australsk tidlegare fotballspelar. Den siste klubb hans var R.S.C. Anderlecht. Han la opp i 2005 etter å ha vore skada i to år.

Clayton Zane


StatsborgarskapAustralia
Fødd12. juli 1977 (46 år)
Newcastle i New South Wales
Idrettfotball
Tok del i

Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Kniksenprisen for årets angrepsspiller

Zane var framleis relativt ukjend då han kom til det norske fotballaget Molde FK i 2000. Etter ikkje å ha skora eit einaste mål på 14 kampar vart han seld til Lillestrøm SK. I den første sesongen hans for Lillestrøm vart han toppskorar i Tippeligaen med 17 mål og vart kåra til årets spelar nokon veker seinare. Han vart i 2002 seld til den belgiske fotballklubben R.S.C. Anderlecht.

Zane representerte Australia i Confederations Cup 2001 og er best hugsa for å ha skora det einaste målet i sigeren over Frankrike i gruppespelet. Han skora også eit hat-trick for Australia i ein kamp mot Cookøyane i juni 2000. Zane var medlem av troppen som representerte Australia i Sommar-OL 2000 i Sydney. Han er no (2007) fotballtrenar på ein lokal skule i London i Storbritannia.

Karriere som spelar

KlubbKampar*Mål*PeriodeMeisterskap
Newcastle Breakers70171997-1999
Northern Spirit3031999-2000
Molde FK1402000
Lillestrøm SK29182001-2002
R.S.C. Anderlecht1022002-2005
  • Berre seriekampar