Coconut Grove

Coconut Grove, òg kjent som The Grove, er eit velståande nabolag i Miami i Miami-Dade County i Florida. Det er det eldste kontinuerleg busette nabolaget i byen. Staden er grovt omgrensa av North Prospect Drive i sør, LeJeune Road i vest, South Dixie Highway (US 1) og Rickenbacker Causeway i nord, med Biscaynebukta i aust.[1] Coconut Grove ligg sør for nabolaga Brickell og The Roads og aust for Coral Gables. Namnet på området er også blitt stava «Cocoanut Grove», men den definitive stavemåten «Coconut Grove» blei slått fast då byen blei skipa i 1919.[2]

Coconut Grove
bydel
Land USA
Areal5,607 km²
Folketal 20 076 (2010)
Kart
Coconut Grove
25°43′00″N 80°15′00″W / 25.716666666667°N 80.25°W / 25.716666666667; -80.25
Wikimedia Commons: Coconut Grove, Florida

Det som i dag blir kalla Coconut Grove blei danna i 1925 då byen Miami annekterte to område med omtrent same storleik, byen Coconut Grove og mesteparten av byen Silver Bluff. Coconut Grove tilsvarar omtrent området med postnummeret 33133, sjølv om postkoden også inkluderer delar av Coral Way og Coral Gables[3] og ein liten del av postnummeret 33129.[4] Området blir ofte referert til som The Grove, og lokalbefolkninga er stolt av at Coconut Grove er eit av dei grønste områda i Miami.[5][6]

Coconut Grove har to stasjonar på Miami Metrorail, Coconut Grove og Douglas Road.

Historie

Utsyn mot Coconut Grove, sett frå den lokale Metrorail-stasjonen.

Busetnaden blei grunnlagd gjennom fleire tilflyttarbølgjer. Den fyrste bar i 1825, då Cape Florida fyr blei verksamt, med John Dubose som fyrbøtar.[7] Dei fyrste tilflyttarane kom hovudsakleg frå Nordast-USA, i tillegg til britiske og bahamiske innvandrar.[8] Dei inkluderte sjømenn, naturvitar og kunstnarar.[9] Mange svarte innvandrar frå Bahamas blei rekrutterte for å byggja dei historiske landemerkai og rundt Coconut Grove.[10] Ein meinte dei var dei einaste som kunne klara seg i den ekstreme varmen og fukta, og mot den store myggplaga.[11]

Dr. Horace P. Porter skal ha gjeve namn til staden. I 1873 leigde eit hus frå enkja til Edmond D. Beasley, som hadde ein kysteigedom på 160 hektar.[12] Porter budde der i berre eitt år, men i løpet av denne tida grunnla han eit postkontor som han kalla «Coconut Grove».[13][14]

Det fyrste hotellet på fastlandet i sørlege Florida var i Coconut Grove.[15] Det blei kalla Bay View Inn (seinare Peacock Inn), og blei bygd i 1882 på staden der Pacock Park ligg i dag av dei engelske innvandrane Isabella og Charles Peacock, som hadde vore eigarar av ein slaktarbutikk i London.[16] På 1880-talet slo fleire svarte arbeidarar frå Bahamas som arbeidde på Peacock Inn seg ned i området.[17] Barnacle Historic State Park er det eldste huset i Miami-Dade County som framleis står på den opphavlege plassering.[18] Det blei bygd i 1891, og var heimen til yachtdesignaren Ralph Middleton Munroe, òg kjent som «The Commodore» for å ha vore grunnleggjaren og den fyrste leiaren av Biscayne Bay Yacht Club.[19]

Den sjølvstendige byen Coconut Grove blei annektert av Miami i 1925.[20] På 1960-talet var Coconut Grove senter for den ungdomskulturelle motrørsla i Sør-Florida, og husa fleire love-ins og konserter (mellom anna ein berykta Doors-konsert på Dinner Key Auditorium) i den andre delen av tiåret.[21][22][23] Det bahamanske samfunnet heldt fram med å veksa i Coconut Grove på 1970-talet.[24]

Bygginga av tre store boligkompleks på slutten av 1970-talet og byrjinga av 1980-talet dreiv ei stor utvikling i den kommersielle utviklinga i Coconut Grove: Yacht Harbour Condominiums i 1975; Grove Isle, eit bustad-, klubb- og hotellkompleks i 1979; og L'Hermitage i 1980.[25] Dette blei følgd av opninga av 2575 S. Bayshore Drive i 1982 og Grove Towers i 1983.[26]

Kultur

Coconut Grove sentrum i 2019.

Coconut Grove har ei rekkje utendørs festivalar og arrangement, den største er den årlege Coconut Groove Arts Festival.[27][28] Andre inkluderer King Mango Strut, som byrja som parodi på Orange Bowl-paraden, og som blir halden kvart år den siste søndagen i desember. The Great Taste of the Grove Food & Wine Festival blir halden kvar april. Goombay Festival er ei junkanoo-feiring som blir halden i Grand Avenue kvar juni. Detter er ei karibisk karnevalsfeiring som feirar bahamansk kultur, med bahamansk mat og karibisk musikk.

The Kampong, ein botanisk hage i Grove.
Frå handlegata CocoWalk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Coconut Grove